Hopp til innhold

Kampar i kø for den fotballinteresserte

For dei som har hjarte for fotball er det nok å gjere denne veka. Både torsdag, fredag og søndag kan du benke deg og sjå toppfotball. Og billettsalet går jamnt og trutt.

Eirik Hestad

Molde møter Celtic i Europaligaen.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Først i rekka er Europaligakampen mellom Molde og Celtic på torsdag. Eit oppgjer som bør trekke mykje folk, etter at MFK har imponert i Europa så langt. Det tel også at det blei siger i førre seriekamp for Molde, og at det er Celtic med norske innslag som kjem på besøk. Ronny Deila er sjef på sidelinja for det skotske laget, som dessutan har landslagsspelar Stefan Johansson som ei drivande kraft på midtbana.

Så langt melder MFK at det er seld 7600 billettar, men målet er at det bikkar 9000. Dei siste dagane har det tikka inn ei rekke mailar som tyder på at det kan bli ein stor delegasjon kiltkledde og sangglade skottar på tribunen.

Ada Hegerberg

Ada Hegerberg frå Sunndal spelar damelandskamp på Color Line stadion fredag.

Foto: FRANCK FIFE / Afp

Landskamp i Ålesund

Fredag er det noko så sjeldan som ein landskamp i Møre og Romsdal. Color Line stadion i Ålesund er valt ut for oppgjeret mellom Noreg og Wales. Ada Hegerberg frå Sunndal er den store stjerna, ikkje berre sett med lokale auge. Også systra, Andrine, er med i troppen. I tillegg kjem sunnmøringane Cecilie Fiskerstrand og Kristine Leine. Til denne kampen har om lag 2000 personar kjøpt billett - så langt. Her er det mange lag som allereie har kjøpt billett, men marknadsavdelinga på Color Line har håp om at talet skal bikke 3000 før kampstart.

Aalesund

Aalesund møter Molde på søndag.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Lokaloppgjer

Søndag er det lokaloppgjer. Då skal Molde igjen i aksjon, men denne gong til seriekamp mot Aalesund i Ålesund. MFK vann altså sin førre seriekamp, heime mot Mjøndalen. Også AaFK vann i helga, med overranskande bortesiger over Stabæk. 6500 billettar er selde, men dei beste salsdagane er nærare helga. Det betyr at det i alle fall kan bli 8000 som løyser billett, kanskje enda fleire.

Kjempar om kvalifiseringsplass

Skulle ikkje behovet vere metta med desse kampane, er det ei rekke kampar nedover i divisjonane. Og dessutan har både Kristiansund og Hødd heimekampar denne helga, og begge er med i kampen om kvalifiseringsplassane. Fortuna kan ha blitt inspirert av landskampen og er lystne på å vise det i sin heimekamp laurdag.

KBK / Hødd

Både KBK og Hødd har heimekampar denne helga.

Foto: NRK og Scanpix / Montasje