Fleire steinsprang frå Mannen

Det er framleis stor aktivitet ved fjellet Mannen i Rauma. – Sivilforsvaret sin lyttepost opplyser at dei høyrde steinsprang frå fjellet for berre nokre få timar sidan. Tidlegare i dag gjekk det eit stort ras ved Mannen.