Fleire smitta ved omsorgssenter

Tysdag kveld fekk åtte nye personar stadfesta koronasmitte i Herøy kommune. To av dei er knytt til Herøy omsorgssenter. Dermed er det no fem pasientar og fem tilsette som er smitta ved omsorgssenteret. Kommunen sette krisestab måndag ettermiddag, då det blei klart at dei hadde gløymt å gi bebuarane ved avdelinga tilbod om tredje dose med koronavaksine.

– Situasjonen i Herøy er no krevjande. Eg vil sterkt oppmode alle om både å redusere sin sosiale kontakt, og framfor alt. Kom og ta vaksinen, anten det er første, andre eller tredje dose, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Vil vaksinere utanlandske arbeidere. Bjørn Martin Aasen, kommuneoverlege i Herøy.
Foto: Arne Flatin / NRK