Hopp til innhold

Held skular og barnehagar stengt fordi dei manglar vatn

Vassmangel lammar deler av Herøy kommune på Sunnmøre. Skular, barnehagar, idrettshall, rådhuset og kulturhuset er stengt. – Med 20 bleieungar og koronatid kan vi ikkje halde ope, seier styreleiar.

Monica Helen Kvalsund, styrleiar i Bergslia barnehage.

Måndag er det berre vaksne i Bergslia barnehage. Styreleiar Monica Kvalsund, seier dei kan ikkje ta i mot barna når dei har så lite vatn.

Foto: Linda Kvalsund

Måndag er det tomt i klasserom og barnehagar i Herøy. Eit vassleidningsbrot rammar store delar av kommunen.

– Det er ikkje mogleg å opne i dag, spesielt med tanke på reinhald no i koronapandemien, seier kommunalsjef for oppvekst, Sølvi Lillebø Remøy.

– Alle barnehagane er stengt og nesten alle skulane. Dei opplever ustabilt vatn eller ikkje noko vatn, seier ho.

Jan Helge Langberg, rektor ved Einedalen skule i Herøy.

Jan Helge Langberg, rektor ved Einedalen skule. Skulen er blant dei som måtte stenge på grunn av problem med vassforsyninga.

Foto: Arne Flatin / NRK

– I går så fekk vi melding frå vasslaget om at dei ikkje kunne garantere vassforsyninga i dette området, og dei måtte prioritere til sjukeheim og brannvesen, så da er skulen stengt i dag, seier Jan Helge Langberg, rektor ved Einedalen skule.

Rådhuset, Einehallen og kulturhuset er stengt. Også industrien i kommunen har fått beskjed om å halde produksjonen nede på grunn av vassmangel.

Også badelandet Sunnmørsbadet i Fosnavåg er stengt inntil vidare.

Vi har vanlegvis skulebading på måndagar, men i dag er det heilt stille her, seier dagleg leiar Karl Petter Sorthaug.

Han seier dei har vatn i bassenga, men at dei manglar vatn til dusjar og reinhald.

– Og med tanke på korona-reglane, er det ekstra strengt med dusjing både ut og inn.

Smittevern og lite vatn

Einedalen i Herøy er stengt måndag 15.februar.

Einehallen er også delvis stengt måndag. Fredag kveld starta problema med vasstilførselen.

Foto: Iselin Øvrelid / Herøy kommune

Styreleiar i Bergslia barnehage, Monica Kvalsund, seier det er dumt for foreldra at barnehagane må halde stengt, men med tanke på smittevern kan dei ikkje ta i mot ungane. Med krava til koronatiltak går det rett og slett ikkje å halde ope når vatnet kjem og går.

Med 20 bleieungar og koronatid kan vi ikkje det. Det er jo vasking av hender heile tida, så stenginga går meir på smittevern enn at vi er tørste, seier ho.

Herøy Vasslag

Herøy vasslag trur alt er ordna til tysdag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arbeider med å reparere

Problema starta fredag kveld då det gjekk hol i ei vassleidning.

Per-Arne Gjerdsbakk, styreleiar i Herøy Vasslag.

Per-Arne Gjerdsbakk, styreleiar i Herøy Vasslag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det blei jobba med dette heile natt til laurdag, og det såg ut til at trykket var opp igjen. Men søndag kom problema tilbake, seier Per-Arne Gjerdsbakk, styreleiar i Herøy Vasslag.

Helga har vore hektisk for vasslaget, som gjennom helga har saga hol i isen, senka ned pumpe og pumpa vatn inn.

– Det ser stabilt ut no, men vi må fylle opp reservemagasina før vi er sikre.

No er håpet at alt skal kunne opne igjen tysdag. Ordførar Bjørn-Halvor Prytz har godt håp.

– Vi måtte ta ein avgjerd i går og da blei det bestemt at vi måtte stenge. Det er litt vatn i røyra no, så vi satsar på at alt er bra til i morgon, seier han.