Hopp til innhold

Fleire skal nå toppen

– Mange miljø i fylket er allereie svært gode til å utvikle idrettsutøvarar. Men i samarbeid med Olympiatoppen er målet å legge forholda til rette for enda fleire toppidrettsutøvarar, seier konstituert organisasjonssjef i Møre og Romsdal idrettskrins, Siri Ask Fredriksen.

Siri Ask Fredriksen -

Siri Ask Fredriksen ser fram til samarbeidet med Olympiatoppen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Korleis skal idretten i Møre og Romsdal få til utvikling av toppidrettsutøvarar, og korleis skape ein god kultur for utvikling av talent? Desse spørsmåla skal idrettskrinsen og Olympiatoppen ta for seg i kveld.

For to år sidan var det eit oppstartmøte om utvikling av eit samarbeid mellom idretten i Møre og Romsdal og Olympiatoppen Midt-Noreg.

Utgangspunktet var eit ønskje om å legge forholda betre til rette for utøvarar og miljø for på sikt å skape internasjonale toppidrettsprestasjonar.

Komperanseheving

Arild Monsen

Målet er at fleire skal nærme seg nivået til Arild Monsen og andre topptrenarar.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

– Det viktige er å heve kompetansen på trenarane her i fylket. For det gjer at utøvarane kan fullføre skulegangen i nærleiken av der dei bur, slik at dei slepp å flytte ut av fylket for tidleg, seier Ask Fredriksen.

Ho seier det er eit av hovudmåla med møtet som skal vere i kveld. Der kan idretten i Møre og Romsdal kome med sine ønskje om kva Olympiatoppen skal bidra med.

– Når talentet og viljen hos ein utøvar er på plass må idretten legge forholda til rette i forhold til trening, nok tid til trening, og også ein sjanse til å fullføre ei utdanning.

Toppidrettskultur

Martine Lorgen Øvrebust

Forholda skal bli lagt til rette for unge talent som til dømes Martine Lorgen Øvrebust.

Foto: Privat

Den konstituerte organisasjonssjefen vedgår at for enkelte idrettar er det slik at ein må tidleg ut av fylket for å kome vidare. Men ho viser igjen til Olympiatoppen som sit på kompetanse som dei kan dele med idrettslaga rundt om i fylket.

– Då må dei involverte lokalt uttale seg, og etter møtet i kveld også sjå at deira innspel blir tatt på alvor, og blir ein del av den avtalen som no skal bli inngått med Olympiatoppen. På den måten kan vi vere med å bygge ein toppidrettskultur, seier Ask Fredriksen.