Hopp til innhold

Fleire skadde i trafikkulukke

Fem personar blei skadde i ei trafikkulukke i Vestnes i Møre og Romsdal fredag, den ene bilen kom fra Orkanger. Ingen skal vere livstruande skadde, og alvoret i skadane varierer.

Trafikkulukke Vestnes

Ulukka har skjedd på E39 ved nedkøyringa til Remmemsvika.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ulukka skjedde på E39 ved nedkøyringa til Remmemsvika i Vestnes.

Ein av bilane kom over i motsett køyrefelt, og det har skjedd ein frontkollisjon, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye til NRK.

Ved 17.50-tida vart vegen opna att.

Siste: Helse Møre og Romsdal melder fredag kveld at tre av dei skadde har alvorlege skadar. Kvinna i tenåra har brotskadar i ryggen, og skaden er karakterisert som alvorleg. Ei kvinne i 50/60-åra blir behandla for brotskadar. Skadane blir karakteriserte som alvorlege. Også ein mann på same alder blir behandla for alvorleg brotskade. Alle desse blir behandla ved Molde sjukehus. To kvinner, 69 og 28 år gamle, blir behandla for lettare skadar ved Ålesund sjukehus.

Laster Twitter-innhold
Trafikkulukke Vestnes

E39 er framleis stengd på ulukkesstaden.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Fredag ettermiddag gjekk politiet ut med opplysningar om at to personar skulle vere alvorleg skadde. Dette er så langt ikkje stadfesta av sjukehusa. To blei sende til sjukehus i Ålesund og to til Molde.

Vi i politiet kjenner ikkje detaljane i skadeomfanget. Men etter det vi forstår er ingen livstruande skadde, seier Overøye.

Laster Twitter-innhold

E39 var stengd ein periode, medan Vegvesenet gjorde oppmålingar og politiet undersøkte staden.

Det var to bilar som var involverte i ulukka. I den eine sat ei mor og ei dotter frå Molde. mora er i femtiåra og dottera er i tenåra.

I den andre bilen sat eit ektepar i 70-åra frå Orkanger, saman med dotter deira som er i 20-åra.

Vestnes ulukke

Ulukkeskommisjonen i vegvesenet var på staden for å samle informasjon om ulukka.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
Laster Twitter-innhold

SUlukkeskommisjonen i Statens vegvesen har undersøkt tilhøva på ulukkesstaden.

Kommisjonen var i området i samband med ei anna sak, og dei kom raskt til staden, seier Overøye.

Laster Twitter-innhold

Politiet har så langt ikkje opplyst noko om kva for ein av bilane som kom over i feil køyrefelt. Dei har heller ikkje opplyst om dei hardast skadde kjem frå Molde eller Orkdal.

Vestnes
Foto: Googlemaps

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL