NRK Meny

Fleire samlar plast og glas

Volda og Ørsta Reinhaldsverk har hatt ein formidabel auke når det gjeld innsamling av plast-, glas- og metallembalasje. Reinhaldsverket har i to månader hatt dette som eit prøveprosjekt, og responsen har vore svært god. Plast har ein auke på 80 prosent, medan glas- og metall har auka med 34 prosent, seier dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Fleire samlar plast, glas og metall
Foto: Petter Sandvik, VØR