Hopp til innhold

Turistar likar å reise som lokale

Turistar som reiser med heilt vanlege buss, båt- og ferjeruter slik som dei lokale har blitt ein stor suksess i Møre og Romsdal. No ynskjer fleire fylke å innføre tilsvarande ordning.

Trollstigen åpning

Turistane strøymde til Noreg i år. Og å bli fotografert saman med snøen i høgfjellet var svært populært. Mange køyrde til turistmåla med vanleg kollektivtransport.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Det er andre året Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr konseptet «Travel like the locals». På denne måten kan turistar oppleve blant anna Geiranger, Trollstigen eller Atlanterhavsvegen frå eit sete i ein heilt vanleg rutebuss, hurtigbåt eller ferje. Suksessen er eit faktum – i 2017-sesongen var det heile 6400 turistar som reiste som dei lokale. Det er ein auke på 74 % samanlikna med 2016.

Konrad Lillevevang

Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det er ein enkel tanke, men det å tilby rundturar med ordinær kollektivtransport er ganske innovativt, seier Konrad Lillevevang, seksjonsleiar i samferdselsavdelinga.

Tidleg marknadsføring, eit utvida tal rundturar frå fjoråret og gode samarbeid med fleire reiselivsselskap i fylket var med på å presse opp talet på reisande, ifølgje Lillevevang.

– Kan bli eit nasjonalt konsept

Møre og Romsdal er det einaste fylket i landet som har eit slikt type tilbod. For det var dei ein av tre finalistar for å ta imot Kollektivprisen 2017. Etter å ha fått nasjonal omtale, er det fleire fylke og administrasjonsselskap for kollektivtrafikk i landet som viser interesse for ordninga.

– Det er tydleg at dette er eit konsept som er fornuftig og som fleire vurderer å ta i bruk. «Travel like the locals» kan fort bli eit nasjonalt konsept, seier Lillevevang.

Dina Lefdal

Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsel i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Han nemner at det er konkret interesse for å starte tilsvarande tilbod i blant anna Hordaland, Rogaland, Oppland og Sogn og Fjordane.

– Viktig for eit komplett turisttilbod

– Vi er interessert i ei slik ordning og er inne og ser på kva Møre og Romsdal har gjort, men akkurat korleis det vil bli er vi ikkje heilt sikre på enno, seier Dina Lefdal, fylkesdirektør for samferdsel i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Eirik Strand,daglig leder i Opplandstrafikk.

Eirik Strand, dagleg leiar i Opplandstrafikk.

Foto: Liv-Irén Bratterud / NRK

I Oppland har dei som mål å utvikle tilsvarande ordning og der arbeidast det med fleire tilbod som rettar seg mot turistar etter å ha sett gode resultat i Møre og Romsdal.

– Det er bra å utnytte eksisterande kapasitet og dessutan er det viktig for det komplette turisttilbodet i fylket, seier leiar for Opplandstrafikk, Eirik Strand.

Fylkeskommunen i Oppland ser no på moglegheitene for å få til ein viss kollektivtrafikk rundt hovudattraksjonar i Jotunheimen og oppover mot Strynefjellet. Ifølgje Strand har dei nyleg søkt EU-midlar for å sjå om dei kan ta turisttrafikk i Jotunheimen eit steg vidare.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL