NRK Meny

Fleire reisande på Årø i september

Molde lufthamn Årø hadde auke i både innanlands- og utanlandstrafikken i førre månad. Innanlands var det over 46 000 reisande til eller frå Årø i september, medan det var vel fem tusen reisande til utlandet. Auken er noko lågare enn tidlegare i år, og på grunn av gode tal på slutten av fjoråret, er det venta ein beskjeden vekst resten av 2015.