Mann omkom etter båtulykke

Ein mann i 50 åra er stadfesta omkomen etter at ein båt kantra i Averøy på Nordmøre søndag ettermiddag. Mannen var i eit turfølgje med tre andre menn.

Helikopter i Averøy

Ein mann blei sendt til St. Olavs Hospital i Trondheim etter båtulykka. Mannen døydde søndag kveld.

Foto: Edna Lysø

Søndag ettermiddag fekk politiet melding om at fleire personar hadde falle i sjøen ved Hasløysundet i Averøy på Nordmøre. Dette skal ha skjedd då båten dei sat i kantra.

Latvier kritisk skadd i båtulykke i Averøy

Ein mann blei frakta til St. Olavs hospital for vidare behandling.

Foto: Tidens Krav / NTB scanpix

Det blei først meldt at det var tre personar som hamna i sjøen og at desse klarte å kome seg til land på eiga hand. Personar på staden som NRK har snakka med opplyser at desse tre blei plukka opp av sjøen av ein person i båt.

Seinare blei det meldt om ein fjerde person i sjøen. Denne personen skal ha blitt funnen under båten då den blei tatt til land.

– Ein mann i 50-åra frå Latvia blei behandla av helsepersonell på staden og det blei sett i gang hjarte- og lungeredning, seier John Bratland, operasjonsleiar i politiet, til NRK.

Båt kantra i Averøy

Båten blei tatt i land på ein verkstad lokalisert like ved.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Klokka 23.30 søndag kveld melder politiet at mannen er omkomen. Pårørande er varsla.

Dei fire mennene, som er i alderen 30 til 60 år, var på ferie saman i Noreg og hadde leigd ein båt då ulykka skjedde. Alle er frå Latvia, ifølgje politiet.

– Det har blitt gjennomført avhøyr av dei tre og dei blir no tatt hand om, seier Bratland.

Det er så langt uklart kva som er årsaka til at båten velta.

Laster kart, vennligst vent...

Det blei sett i gang hjarte- og lungeredning etter at ein person blei funnen under ein båt i Averøy på Nordmøre.

Søkte etter person i sjøen

Men dette var ikkje den einaste hendinga som naudetatane i Møre og Romsdal måtte ta hand om søndag ettermiddag. På kort tid måtte dei rykke ut på ein rekke aksjonar fleire stadar i fylket.

Like før klokka halv to søndag ettermiddag melde 110-sentralen i Møre og Romsdal om at ein kajakkpadlar kunne vere i naud i Sunndalsfjorden i Sunndal på Nordmøre.

Like etter klokka 14.00 kunne politiet melde at det var observert ein person i sjøen og det blei sett i gang ein aksjon med mannskap både frå brann og politiet.

– Vi har ikkje fått bekrefta om det er ein personen i sjøen. Men dei som melde det inn seier at dei skal ha vore sikre på at dei såg ein person, opplyser Hovudredningssentralen i Sør- Noreg.

Klokka 14.45 melder HRS at det søka så langt ikkje har avdekt ei hending i området.

I 15.00-tida opplyser brannvesenet at dei framleis held på med søk i Sunndalsfjorden. Dei har så langt søkt i eit stort område.

– Det kan vere grunn til å tru at det ikkje er nokon i naud, men dette er ikkje bekrefta, så vi held fram søket, seier Kjetil Iversen, operasjonsleiar ved 110-sentralen.

Aksjonen blei like etter klokka 15.40 avslutta utan funn, og Hovudredningssentralen vurderer det som ein mogleg feilobservasjon.

Søndag ettermiddag fekk Hovudredningssentralen i Sør-Noreg melding om at ein kajakkpadlar kunne vere i naud i Sunndalsfjorden.

Person i sjøen på Alnes

I same tidsrommet kom det inn melding om ein person i sjøen ved Alnes i Giske på Sunnmøre. Naudetatane og mannskap frå redningsselskapet rykte ut til staden. Eit ambulansehelikopter deltok også i søket.

Etter nokre minutt kunne Hovudredningssentralen i Sør-Noreg melde at det var ein brettseglar som hadde falt av brettet og dreiv i sjøen.

I 14.30-tida kunne HRS melde at brettseglaren hadde god oppdrift og venta på å bli plukka opp. Like etter blei personen tatt om bord i ein båt. Mannen skal ifølgje politiet vere i god behald og har blitt sjekka av helse. Han skal både ha hatt på seg våtdrakt og redningsdress då han hamna i sjøen.

Fekk hjarteproblem

Rundt klokka 14.15 fekk Hovudredningssentralen i Sør- Noreg også melding frå ein portugisisk fiskebåt utanfor Ålesund som bad om evakuering av eit crew-medlem om bord i båten som hadde fått hjarteproblem. HRS har sendt redningshelikopter frå Florø.

Båt fekk motorstans

Samtidig fekk naudetatane melding om ein open båt som hadde fått motostanes ved Fjørtoft på Sunnmøre. Det bles mykje i området og båtføraren kjem seg ikkje i land.

Ein ambulansebåt hjelpte båten og fekk føraren tilbake til land.