NRK Meny

Fleire plassar ved fagskulane

13 av dei nye studieplassane regjeringa etablerer for fagskular, går til fagskuleplassar i Møre og Romsdal. Satsinga på rundt 640 nye studieplassar i heile landet, skal særleg auke tilbodet innan helsefaga og dei tekniske faga, heiter det i ei pressemelding frå Kunnskapsdepartementet. Det er også sett av 35 millionar kroner i utviklingsmiddel som fagskulane kan søkje på i 2018.