Hopp til innhold

Fleire personar meldt til politiet i Molde i natt

Politiet i Molde har hatt mykje å gjere natt til søndag.

Molde politistasjon.

Politiet i Molde hadde mykje å henge fingrane i natt til søndag.

Foto: Omar Sejnæs / NRK

MOLDE: Rundt klokka 23 i går kveld vart ein mann arrestert i Molde grunna bråk og ufin oppførsel. Og vidare utover natta har politiet i Rosebyen hatt nok å gjere. Rundt klokka halv tolv i går kveld var ein mann meldt for drikking på offentleg stad. Klokka 01.12 vart ein mann meldt for ordensforstyrring.

Promillekøyring med båt og urinering

Litt seinare på natta vart ein mann meldt til politiet for promillekøyring med båt og ein annan meldt til politiet for urinering på offentleg stad. I halv fire tida natt til søndag vart ein person vist bort frå Molde sentrum grunna ufin oppførsel på ein utestad. Omtrent samtidig måtte politiet sjå til at det gjekk bra med tre personar som bada ved kaia i Molde sentrum.

Sovna i sentrum

Endå litt seinare på natta, nærmare klokka fire, vart ein rusa mann som sov i sentrum vekt av politiet og sett i marsj til hotellet der han hadde rom.

Mistanke om rusa køyring

Klokka 04.44 meldte Moldepolitiet ein mann med mistanke om køyring i rusa tilstand.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL