Hopp til innhold

Føde-støtta slår sprekker på Nordmøre

Før stod ordførarane på Nordmøre samla om å behalde to fødeavdelingar nord i Møre og Romsdal. No har ikkje alle like stor tru på det lenger.

Helseminister Ingvild Kjerkol møter ordførarar på Nordmøre

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) møtte ordførarar frå Nordmøre og Romsdal torsdag. Fleire av dei trur ikkje det er realistisk at fødeavdelinga i Kristiansund blir opna med det første.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Torsdag besøkte helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol Kristiansund den stengde fødeavdelinga i Kristiansund, som skaper politisk hovudbry. Stortinget har nemleg bestemt at avdelinga skal vere open til 2025, men sjukehuset slit med å få tak i fagfolk.

I 2019 stod ordførarane på Nordmøre saman i protest, då Helse Møre og Romsdal ville leggje ned fødeavdelinga i Kristiansund. No har tonen blitt ein annan.

Avisa Tidens Krav omtalte dette først.

Helseminister Ingvild Kjerkol besøker Kristiansund sjukehus

Helseminister Ingvild Kjerkol lova å kome med ei snarleg avklaring på kva som skal skje med fødeavdelinga i Kristiansund, då ho var på besøk.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Feil bruk av energi

Ordføraren på Tingvoll trur ikkje lenger det er realistisk å opne i næraste framtid.

– Eg meiner det ikkje er rett å bruke energi å rekruttere på noko som er så vanskeleg. Det er no viktig å bruke tid og krefter på ei fødeavdeling, seier ordførar Ingrid Waagen (Sp)

Ingrid Waagen ordførerkandidat Tingvoll SP

Ingrid Waagen, ordførar i Tingvoll (Sp) synest det er riktig å bruke kreftene på ei fødeavdeling.

Foto: Gunnar Sandvik

Ho vil ikkje seie kampen er tapt, då det framleis er eit politisk mål å få opne ei fødeavdeling igjen.

– På sikt så håper eg det. Det bør vere eit fødetilbod på Nordmøre, men fagleg forsvarlegheit overgår alt anna, seier Waagen.

Les også Leiinga trekkjer seg fordi dei ikkje klarer å opne fødeavdelinga i Kristiansund

Kristiansund sjukehus. Carina Wollan Myhre er assisterande klinikksjef. Johan Kippervik er avdelingsleiar på fødeavdelingane i Kristiansund og Molde. Georg Johnsen er klinikksjef for Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

– Fagleg forsvarlegheit er viktigast

Sunndalsordføraren seier han har tillit til leiinga i Helse Møre og Romsdal, og trur dei har gjort alt dei kan for å skaffe nok fagfolk.

– Eg har òg tillit til at helseministeren følgjer opp Hurdalsplattformen Så må det uansett vere slik, at fagleg forsvarlegheit og sikkerheita for både fødande og barn må trumfe alt anna, seier Ståle Refstie (Ap)

Knut Sjømæling, ordfører i Gjemnes

Knut Sjømæling (Sp) er ordførar i Gjemnes trur ikkje det er realistisk med opne fødeavdelingar både i Molde og Kristiansund.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Må sjå realitetane

Ordførar Knut Sjømæling (Sp) i Gjemnes får berre om lag kvarteret å køyre frå kontoret sitt til det komande sjukehuset, som skal stå ferdig i 2025.

– Eg ser det slik at dei har prøvd så intensivt i så lenger tid, og det lèt seg ikkje lykkast, og då ser eg at du må samle kreftene på eit felles fødetilbod for alle, slik at du får føreseielegheit for alle. Skal du ha eit tilbod så må det vere oppe i sju dagar i veka, seier Sjømæling.

– Eg har full forståing for dei som framleis har tru på to likeverdige fødetilbod, men den sit forferdeleg langt unna. Ein må sjå realitetane i auga, seier Sjømæling.

Ingvil Kjerkol på besøk Kristiansund sjukehus

Stortinget har bestemt at fødeavdelinga i Kristiansund skal halde ope fram til det nye fellessjukehuset står klart i 2025.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Kampen ikkje over

Ordførarane Svein Roksvåg (Sp) i Smøla, Hanne Berit Brekken (Ap) i Aure og Kjell Neergaard i Kristiansund (Ap) er klokkeklare på at kampen ikkje er over.

– Prosessen som har vore no har dei har gjort ein kjempegod jobb med å få på plass fagfolk. Det er ikkje så mykje som skal til for å få på plass resten heller, slik at vi får eit stabilt fødetilbod på Nordmøre også. Då tenkjer eg dei må halde fram med den jobben, seier Roksvåg.

Ingrid Ovidie Rangønes, ordfører i Averøy (Ap)

Ingrid Ovidie Rangønes, ordførar i Averøy (Ap) seier at for kommunane lengst nord i fylket er avstand til fødeavdelinga viktig.

Foto: Eirik Haukenes

Ikkje like optimistisk

Averøy-ordførar Ingrid Ovidie Rangønes har vore ei tydeleg forkjempar for fødeavdelinga i Kristiansund og køyrer rundt med Bunadsgeriljaen-merke i bakruta. Etter gårsdagens møte er ho ikkje like optimistisk som før.

-– Eg veit ikkje om eg skal bruke ordet tapt. Men eg ser at ein begynner å gå inn for ei landing, og eg trur eg begynner å ane konturane av kor det kjem til å lande. Møtet i går stadfestar at det går eit skilje mellom kommunane etter kor vi ligg i landskapet, seier Rangønes.

Hanne-Berit Brekken

Hanne Berit Brekken, ordførar i Aure (Ap) synest det er trist at nordmøringane ikkje lengre er samla i saka.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Ikkje samla i saka

Innbyggarane i Gjemnes, Sunndal og Tingvoll vil få kortare reiseveg til fellessjukehuset som skal stå klart på Hjelset, 20 minutt nordaust for Molde, i 2025.

– Slik eg oppfatta det i går er det vi på nordre Nordmøre som meiner det er verdt å kjempe ein kamp for, men jo lenger sør ein kjem på Nordmøre, så held ein mot at det beste er å halde fødeavdeling open i Molde. Så eg merker at vi internt på Nordmøre ikkje lenger står samla i saka. Det synest eg er trist, seier Aure-ordførar Hanne Berit Brekken (Ap).