280.000 lovbrot vart ferdig etterforska i 2022, syner ny statistikk frå SSB. Av desse var 120.500 oppklarte og 61.500 personar vart sikta.
Det er det lågaste talet sidan starten av 90-talet, skriv SSB.
Færre oppklarte saker
Oppklaringsprosenten, altso delen av politietterforskingar som endar med at nokon vert sikta, gjekk ned frå 49 til 43 prosent frå 2021 til 2022.
Nedgangen kjem mellom anna frå at langt fleire lovbrot er avgjort og lagt bort på grunn av manglande opplysningar om gjerningspersonar, og at færre lovbrot har enda med tiltale, skriv SSB.
– Dette avheng veldig av kva lovbrot som faktisk vert meldt til politiet. Vi ser at det er ei stor auke for tjuveri og bedrageri og dette er lovbrott som jo i svært stor grad vert lagt bort, særleg på grunn av manglande opplysningar om gjerningsperson, seier kriminolog hjå SSB, Kari Malene Jørgensen Dyrstad.
Store forskjellar
Det er store forskjellar mellom kva saker som vert oppklarte og ikkje, alt etter alvorsgrad, ressursbruk frå politi og påtalemyndigheit og tilgang på bevis og vitne.
I 2022 vart til dømes 100 prosent av alle drap oppklart og so og seie alt av grov valdtekt av barn under 14 år.
Nær 90 prosent av saker som grove valdtekter, smugling og grove skattesvik vert oppklart.
Nedst på tabellen finn ein tjuveri frå personar i det offentlege på 1 prosent oppklaring. Sykkeltjuveri, til dømes, som er kjend som noko politiet ikkje prioriterer, vart berre oppklart 2 prosent av gangane i 2022.
Framleis nedgang i narkotikasaker
Ikkje sidan starten av 90-talet har færre personar blitt sikta. Størst er nedgangen i talet på sikta i narkotikasaker.
Det føyer seg inn i trenden ein har sett dei siste åra, med at færre og færre personar vert sikta i slike saker.
I 2022 vart 5250 personar sikta med narkotikalovbrot som sitt hovudlovbrot. På det meste, i 2013-2014, var det over dobbelt so mange – over 14.000 i året.
– Dette kan jo ha å gjere med desse endringane i straffeforfølginga av narkotikalovbrott dei siste åra, seier Dyrstad.
– Ja, det at folk som har dosar til eige bruk ikkje lenger skal verte straffa?
– Ja, vi ser ein nedgang i bruk og besittelse i narkotikalovbrotta, svarar Dyrstad.
Fleire unge jenter stel
Dei siste åtte åra har ein sett ei auke i siktingar i tjuverisaker der gjerningspersonen er unge under den kriminelle lågalderen.
I 2022 er 3800 barn og unge i denne aldersgruppa sikta for eitt eller fleire lovbrot.
Denne auka kjem særleg av tjuveri.
– Fleire jenter enn gutar er tekne for tjuveri. Men det gjeld særleg mindre butikktjuveri for jenter, medan delen gutar er klart størst for alle andre lovbrotsgrupper, seier Dyrstad.
Fleire oppklarte seksuallovbrot
Færre gjerningspersonar vart sikta for seksuallovbrot i 2022 enn tidlegare år, men talet på siktingar auka likevel kraftig. Det kjem av at ein person kan bli sikta for fleire lovbrot.
– Det vil sei at enkeltpersonar er tekne for fleire lovbrott. Store overgrepssaker kan særleg ha ein stor påverknad på årlege svingingar ein ser i statistikken, seier Dyrstad.
Auka kjem i hovudsak av lovbrot knytt til pornografi, framstilling og framvising av seksuelle overgrep eller seksualisering av barn, meiner SSB.
– So for å sjå på det overordna biletet: vert det fleire eller færre lovbrot her i landet?
– Det er vanskeleg å spekulere i, men tala syner i alle fall ein nedgang i ferdig etterforska lovbrott over tid, svarar forskaren.