Hopp til innhold

Fleire lokale talent på landslaget

Totalt fire spelarar frå Møre og Romsdal har blitt tatt ut til landslagstroppen som skal representere Noreg under OL-kvalifiseringa i fotball i starten av mars.

Josefine Ervik

Josefine Ervik frå Ålesund er tatt ut til landslagstroppen som skal møte Sverige, Nederland og Sveits i kvalifiseringa.

Foto: Anders Hoven , Digitalsport

Cecilie Fiskerstrand frå Langevåg og søstrene Andrine Stolsmo Hegerberg og Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndalsøra er tatt ut til troppen som skal representere Norge under OL-kvalifiseringskampane i Nederland 2.–9. mars.

Denne veka blei det også klart at også Josefine Ervik frå Ålesund er tatt ut til landslagstroppen som skal møte Sverige, Nederland og Sveits i kvalifiseringa.

To summøringar i keepertrio

Det skjer etter at Ingrid Hjelmeseth som har vore førstekeeper på landslaget i mange år, måtte melde forfall til kvaliken på grunn av skade.

Det er første gang Vålerenga-keeperen blir tatt ut på A-landslaget

Forfallet betyr at Cecilie Fiskerstrand, Kristine Nøstmo og Ervik utgjer Norges keepertropp.

– No har vi ein ung keepertrio. Cecilie har stått dei siste kampane og klart seg godt. Ho reiser som vår førstekeeper, medan vi har Kristine og Josefine i bakhand. Det er offensive og uredde keeperar som vil gjere ein kjempejobb for oss. Vi har valt ein trio vi har stor tru på, seier landslagssjef Roger Finjord til fotball.no

Cecilie Fiskerstrand og Ada Hegerberg

Cecilie Fiskerstrand frå Langevåg og Ada Stolsmo Hegerberg frå Sunndalsøra er også på landslagstroppen.

Foto: NTB Scanpix/Collage

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL