NRK Meny
Normal

Fire av fem lauslatne etter væpna politiaksjon

Politiet meiner at dei ikkje har nokon grunn til å halde dei fire som i går vart arresterte i Kristiansund.

Væpna aksjon i Kristiansund.

Fem personar blei arrestert etter ein væpna aksjon i Kristiansund måndag kveld. Foto: Eirik Haukenes.

Alle vart avhøyrt tysdag, opplyser politioverbetjent Stian Buaas.

Alle, som skal vere frå eit belasta narkotikamiljø, er sikta for å ha trua ein person tysdag kveld. Bakgrunnen for trugsmålet skal vere at den personen som blei trua skylda dei fem arresterte pengar.

Situasjonen skal ha vore så alvorleg at politiet valde å væpne seg.

Trua over tid

Alle fem, som er menn i 20- og 30-åra, er framleis sikta. Måndag kveld kom det fram at politiet ikkje ser vekk ifrå at det kan skje fleire arrestasjonar i saka.

– Truslane skal ha pågått over tid, men i går blei dei så konkrete og nærgåande at offeret varsla politiet, seier Buaas.

To av dei arresterte høyrer heime i Kristiansund, medan dei andre involverte skal vere frå Austlandet.