Hopp til innhold

Fleire lakseelvar er stengde

Den tørraste sommaren på 70 år fører til svært låg vassføring i fleire lakseførande elvar i fylket. Verst ser det ut til å vere på Sunnmøre, der både Aureelva i Sykkylven, Ørstaelva og Bondalselva i Ørsta og Solnørdalselva er stengde for fiske. – Truleg blir både Stordalselva og Valldøla i Norddal også stengde for fiske tidlegare enn vanleg, seier Jan Melseth, nestleiar i foreininga Lakseelvar på Sunnmøre. Nord om Romsdalsfjorden er Moaelva i Fræna stengd av, og Surna er delvis stengd for laksefiske. Mest normalt ser laksefisket til å vere i Driva på Nordmøre og Korsbrekkeelva på Sunnmøre. – Det må 40–60 mm nedbør til dersom det skal monne for vasstanden i dei andre elvane, meiner Melseth.

Jan Melseth - Sunnmøre elveeigarlag
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL