– Eg er kjempestolt over å få lov til å vere førstekandidaten til Troms Senterparti i det som eg håpar blir min andre periode på Stortinget.
32-åringen Sandra Borch gler seg til stortingsvalet i haust som kan bli det beste nokon gong for partiet hennar. Senterpartiet flyg høgt på målingane. Den profilerte politikaren har håp om at medvinden vil halde seg heilt fram til valdagen.
I Senterpartiet er kvinneandelen høg. Halvparten av stortingsgruppa er kvinner, og partiet har ti kvinner på topp av 19 moglege.
Sandra Borch er optimist framfor stortingsvalet i haust.
Foto: Dan Henrik Klausen / NRKTillitserklæring
Høgre er ikkje så mykje dårlegare med ni kvinner på topp. I Hedmark er det 30-åringen Anna Molberg Høgre som toppar lista. Ho fekk plassen etter kampvotering. I dag er Anna Molberg rådgivar for Høgre på Stortinget. No får ho for første gong sjansen til sjølve å bli ein av dei folkevalde på Stortinget.
– Eg føler jo først og fremst at dette er ei tillitserklæring, og det er eit stort ansvar så eg føler jo at eg må levere.
Anna Molberg har overtatt stafettpinnen som Høgre sin førstekandidat i Hedmark.
Foto: Trond Lillebo / Hamar ArbeiderbladNy rekord
NRK har kartlagt nominasjonane i dei ni partia som er på Stortinget i dag. 76 av 170 førstekandidatar i desse partia er kvinner. Det er kring 44 prosent. Frp i Oslo er det einaste partiet der det ikkje er endeleg avgjort etter at Siv Jensen sa nei til attval.
76 kvinner på topp er ny rekord. Så mange har vi aldri hatt tidlegare i eit stortingsval i Noreg.
– Dette er kjempeflott. Det har vore ei utfordring i alle desse åra å få kvinner til å stille på topp, både å få kvinnene sjølv til å stille, men også å få partia til å prioritere dei, seier Venstre sin toppkandidat i Møre og Romsdal, Lena Landsverk Sande.
Lena Landsverk sitt mål er å vinne tilbake stortingsplassen for Venstre i Møre og Romsdal.
Foto: Trond Vestre / NRK– Veljarane ønskjer kvinner på topp
Kvinnene hatt ein lang veg til toppen av listene og til toppverv i politikken. Anna Rogstad var den første kvinna som møtte på Stortinget i 1911. Kirsten Hansteen var den første kvinna som fekk plass i ei regjering i 1945. Gro Harlem Brundtland var den første statsministeren i Noreg. Det skjedde i 1981.
Framleis er det fleire menn på toppen av listene enn kvinner. Men trenden er klar, seier valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda.
– NRK sine tal føyer seg inn i ein trend der kvinneandelen har auka langsamt. Det går i retning av meir likestilling. Framleis er vi eit stykke unna femti prosent. Men forsking viser at veljarane ønskjer kvinner på topp.
Valforskar Bjarte Folkestad peikar på at det er store skilnadar mellom partia og mellom valkretsane.
Foto: Trond Vestre / NRKNRK forklarer
Sjekk kvinnelege førstekandidatar i ditt fylke
Møre og Romsdal
Frp: Sylvi Listhaug
Senterpartiet: Jenny Klinge
Venstre: Lena Landsverk Sande
SV: Birgit Oline Kjerstad
Sogn og Fjordane
SV: Hege Lothe
Hordaland
Arbeidarpartiet: Marte Mjøs Persen
Høgre: Erna Solberg
Senterpartiet: Kjersti Toppe
Rødt: Sofie Marhaug
Rogaland
Arbeidarpartiet: Hadia Tadjik
Høgre: Tina Bru
KrF: Olaug Bollestad
Venstre: Iselin Nybø
SV: Ingrid Fiskaa
MDG: Ulrikke Torgersen
Vest-Agder
Arbeidarpartiet: Kari Henriksen
Høgre: Inngunn Foss
Senterpartiet: Gro Anita Mykjåland
Venstre: Ingvild Thorsvik
SV: Solveig Skaugvoll Foss
MDG: Oda Sofie Pettersen
Aust-Agder
Senterpartiet: Gro Anita Mykjåland
Venstre: Ingvild Thorsvik
SV: Mirell Høyer-Berntsen
MDG: Oda Sofie Pettersen
Telemark
Senterpartiet: Åslaug Sem-Jacobsen
MDG: Benedikte Nes
Vestfold
Arbeidarpartiet: Maria Karine Aasen-Svensrud
Senterpartiet: Kathrine Kleveland
SV: Grete Wold
Rødt: Maren Njøs Kurdøl
Buskerud
SV: Kathy Lie
MDG: Margit Fausko
Rødt: Linn-Elise Øhn Mehlen
Østfold
Høgre: Ingjerd Schou
KrF: Maria Moe
MDG: Benedicte Lund
Rødt: Hannah Berg
Akershus
Arbeidarpartiet: Anniken Huitfeldt
KrF: Ida Lindtveit Røse
SV: Kirsti Bergstø
MDG: Une Bastholm
Rødt: Marie Sneve Martinussen
Oslo
Høgre: Ine Eriksen Søreide
Venstre: Guri Melby
SV: Kari Elisabeth Kaski
MDG: Lan Marie Berg
* Frp har ikkje hatt nominasjonsmøte
Hedmark
Arbeidarpartiet: Anette Trettebergstuen
Høgre: Anna Molberg
KrF: Charlotte Veland Hoven
SV: Karin Andersen
Oppland
Arbeidarpartiet: Rigmor Aasrud
Høgre: Kari-Anne Jønnes
Senterpartiet: Marit Knutsdatter Strand
KrF: Charlotte Veland Hoven
Venstre: Stine Hansen
SV: Anne Lise Fredlund
MDG: Karina Ødegård
Sør-Trøndelag
Arbeidarpartiet: Eva Kristin Hansen
Høgre: Linda Hofstad Helleland
Rødt: Hege Bae Nyholt
Nord-Trøndelag
Arbeidarpartiet: Ingrid Kjerkol
Høgre: Elin Agdestein
Senterpartiet: Marit Arnstad
SV: Siv Furunes
Rødt: Hanne Lise Fahsing
Nordland
Senterpartiet: Siv Mossleth
KrF: Ingelin Noresjø
Venstre: Ida Gudding Johnsen
SV: Mona Fagerås
Troms
Arbeidarpartiet: Cecilie Myrseth
Senterpartiet: Sandra Borch
MDG: Kriss Rokkan Iversen
Rødt: Hanne Stenvaag
Finnmark
Venstre: Trine Noodt
SV: Amy Brox Webber
Mamma dansa på kjøkkengolvet
Marte Mjøs Persen gløymer ikkje den dagen då Gro Harlem Brundtland blei statsminister for første gong.
– Eg var berre fem år, men eg hugsar at mamma dansa på kjøkkengolvet. Den gongen forstod ikkje eg kor viktig det var. Men det har eg gjort sidan.
Marte Mjøs Persen er i dag ordførar i Bergen. Frå hausten startar ho eit nytt liv som politikar på Stortinget. Persen er Arbeidarpartiet sin toppkandidat i Hordaland.
Marte Mjøs Persen (Ap) meiner kvinne i toppen er svært viktige rollemodellar.
Foto: Marit Hommedal / NTBHardt arbeid
Persen meiner at Gro Harlem Brundtland sette ein standard for kvinner i politikken. Men dette er ikkje noko som kjem av seg sjølv, og det er ikkje noko sjølvsagt at kvinner får plassen på topp.
– Det er hardt arbeid som ligg bak, både frå den enkelte kvinne og frå partia si side. Eg er veldig stolt over at eg er med i eit parti som har eit høgt fokus på at kvinner skal vere på topp i politikken.
Så er spørsmålet: når blir det 50-50? Men det er ikkje noko must, seier Sandra Borch som er Senterpartiet sin førstekandidat i Troms.
– Eg meiner at partia skal nominere dei beste kandidatane uavhengig om det er kvinne eller mann.