Fleire kutt i Vestnes

Tresfjord skule vart redda på formannskapsmøtet i Vestnes måndag kveld. Verre er det med andre tenester i kommunen.

Vestnes

Vestnes kommune står ovanfor ein rekke budsjettkutt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det vart ikkje gjort strukturendringar på Tresfjord skule, så den vert bevart. Det blir heller ikkje auke i eigedomsskatten, seier Geir Inge Lien (Sp), ordførar i Vestnes kommune.

Derimot var det fleire av dei andre punkta som stod på kuttlista under formannskapsmøtet i Vestnes måndag som ikkje slapp unna innskjeringane i kommunen.

– Talet på institusjonsplassar i kommunen blir mellom anna redusert, og så blir avdelinga i Skorgen barnehage flytta inn til Horgheim. Det er også fremja eit forslag om å løyse inn kapitalfondet. I tillegg vidarefører vi ein rekke andre sparetiltak, seier Lien.

Stramt budsjett

Lien fortel vidare at det ikkje er ein ønskeleg situasjon å måtte redusert talet på institusjonsplassar i kommunen.

Geir Inge Lien

Geir Inge Lien (Sp), ordførar i Vestnes kommune, må gjennomføre ein rekke kutt.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det er eit stramt budsjett som er lagt fram for formannskapet. Det er totalsummen av rammer, utvikling og nye krav til nye typar tenester som bidreg til dette, seier ordføraren.

– Og det er ikkje berre i Vestnes budsjettet er stramt. Vi ser dei same tendensane i mange andre kommunar, med at mellom anna eigedomsskatten blir heva og tilbod blir nedlagt, held han fram.

Lien meiner at dei planlagde kutta er nødvendige for å kunne gjere opp for tapte inntekter.

– Vestnes kommune må ha eit budsjett i balanse og då må ein tilpasse budsjettet etter inntektene, seier han.