Hopp til innhold

Fleire køyretøy involverte i ulykke

Ein motorsyklist har fått alvorlege, men ikkje livstruande skadar i ei trafikkulykke ved Hjartåbygda i Volda. Det blei lange køar i samband med ulykka.

Kø etter ulykke ved Hjartåbygda

Over ein time etter ulykka stod køa inn i Hjartåbygdtunnelen. Etter omlag ein og ein halv time blei europavegen opna igjen.

Foto: Magne J. Krumsvik

Ulykka blei meldt i 10-tida, og alle nødetatane var raskt på plass.

Ifølge meldinga var det fleire køyretøy involverte, og det viste seg å innebere to bilar og ein motorsykkel.

Ein av bilane skal ha køyrt inn i den andre bilen bakfrå, og føraren av den bakerste bilen har fått førarkortet beslaglagt.

Motorsyklisten blei skadd i ulykka, og luftambulansen var raskt på staden. Mannen i 50-åra blei sendt til Ålesund sjukehus med alvorlege, men ikkje livstruande skadar.

Dei andre fem involverte skal ikkje vere skadde, opplysyser politiet.

Då nødetatane kom til staden blei europavegen stengt, og det blei raskt lange køar på staden. Det var muleg med omkøyring via fylkesveg 651 Stigedalen og ferjesambandet Volda - Folkestad. Vegen opna igjen etter omlag ein og ein halv time.

– Politiet starta undersøkingar på staden med ein gong. Det inneber samtalar med involverte og vitne, samt tekniske undersøkingar, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam.

Hjartåbygda