Hopp til innhold

Fleire konkursar og nedleggingar

Fleire bedrifter melder tysdag om at tilsette mister jobben.

Spirit 360 produsert i Vestnes

Spirit boats i Vestnes har gått til Skifteretten med selskapet.

Foto: Spirit Boat

21 personar misser jobben i Vatnebygda i Haram.

Dette skjer etter at både Aalesund Oljeklede og Vatne Møbler legg ned produksjonen i bygda, skriv Haramsnytt.

Industrien råka

Også i Surnadal vert det oppseiingar. Der får fleire tilsette i verksemda MøreTre i dag beskjed om at dei misser jobben.

Ifølgje Tidens krav skal det vere snakk om at seks eller sju av dei om lag 45 tilsette må gå.

Vurderer retten

I tillegg har båtprodusenten Spirit Boats i Vestnes gått til skifteretten . Der misser 11 tilsette jobben.

Tysdag vart det også kjent at dei tilsette ved Ekornes sin fabrikk i Stranda vurderer rettslege steg etter at det vart kjent at dei ikkje får kjempe om jobbane på fabrikken i Sykkylven.