NRK Meny

Fleire innbrot i Ulsteinvik

Det har skjedd eit innbrot i ein bustad i Kyrkjegata i Ulsteinvik mellom klokka 11.00 og 15.30, melder politiet. Dei ønskjer no tips dersom nokon har observert noko i dette tidsrommet. Også i går blei det meldt om innbrot i eit bustadhus i Solhøgda, ikkje så langt frå Høddvoll. Politiet har også fått melding om innbrot i ein bustad i Haddalvegen.