NRK Meny
Normal

Fleire innbrot i Molde og Hjelset

Politiet i Nordmøre og Romsdal melder om det tredje innbrotet i Molde sentrum i dag.
 

Tidlegare i dag fekk politiet inn meldingar om innbrot i to bustader i Molde og i tre bilar på Hjelset.

Alle innbrota har same framgangsmåte.

To menn er arrestert, og politiet undersøker no åstadane og avhøyrer dei to mennene som er kjenningar av politiet.

Ved 17-tida leita politiet framleis etter enda ein mann som også er mistenkt for innbrota.