NRK Meny

Fleire i politiavhøyr i Vestnes

Tre menn er til avhøyr i samband med angrep på ein mannleg asylsøkar på Vestnes natt til fredag. Dei tre er ikkje busette på asylmottaket og er mistenkte for å ha vore med på eit hemnangrep på ein mann i 20-åra. Han er sjølv mistenkt for å ha slått til ein 16-åring same natta. Politiet opplyser at dei har sikra seg videoopptak.