Hopp til innhold

Fleire hendingar i natt

Politiet i Møre og Romsdal har så langt fått inn nokre meldingar som følgje av vinden i natt. Dette gjeld mellom anna meldingar om greiner og tre som har falt ned på vegen. Vegtrafikksentralen sender ut folk for å rydde opp i dette. I tillegg har nokre straum- og telefonleidningar falt ned. Straumselskapa jobbar no for å fikse eventuelle problem som følgje av dette. – Det er ikkje meldt om personskade eller vesentlege problem som følgje av desse hendingane, seier Borge Amdam, operasjonsleiar i politiet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL