Fleire heilt arbeidsledige

Talet på helt arbeidsledige i fylket har auka den siste månaden. Den siste månaden så har 239 fleire personar mista jobben i Møre og Romsdal, totalt er det 5 878 som står utan jobb i fylket. Samtidig har talet på delvis arbeidsledige gått ned med 1 869 personar. Til saman så er det 9 868 personar som er helt eller delvis arbeidsledige i Møre og Romsdal.