Hopp til innhold

– Vi har eit håp om å ta ulven på Sunnmøre snart

Fleire har sett ulven på Sunnmøre måndag kveld. Jakthunden har vore på sporet av ulven. Ulven dukka først opp i Stranda. Måndag kveld blir jakta konsentrert om Ramstaddalen og Søvikdalen i Sykkylven.

Fleire har sett ulven på Sunnmøre mandag kveld. Jakthunden har vore på sporet av ulven. Ulven dukka først opp i Stranda. Måndag kveld blir jakta konsentrert om Ramstaddalen og Søvikdalen i Sykkylven.

Her går jaktlaget ut for å følgje i spora etter ulven på Sunnmøre. Jaktlaget har eit håp om å finne ulven, som blei observert måndag kveld.

Saka blir oppdatert.

Det er eit jaktlag på om lag ti mann som måndag kveld følgjer i hælane på ulven. Etter det medlemer i jaktlaget har fått vite, skal ulven vere observert også måndag kveld ved 19.30-tida.

Det er lyst til langt på kveld. Men sjølv om jaktlaget brukar denne observasjonen i arbeidet sitt, er det uvisst om dei kjem på skothald.

– Det er vanskeleg å seie om vi klarer å få tak i han. Det er mange andre dyr her, og han kan lure seg unna. Men vi har eit håp, seier ulvejeger Kenneth Hvattum til NRK.

Mobilvideo av ulv

Her luskar ulven i Sykkylven. Ole Andreas Eide Ljøen klarte å fange ulven på video. I tussmørkret blir ulven mest som ein skugge. Men det er heilt klart at dette er ulv.

Drepne sauer og lam sette bøndene på Sunnmøre på sporet etter ulven. Dei drepne sauene blei funne i Stranda. Like etter blei ulven observert ved Øye i Strandadalen.

– Hunden var på sporet

Fylkesmannen har gitt fellingsløyve for ulven i Stranda og Sykkylven. Og eit jaktlag er no i hælane på ulven. Dei har med seg ein spesialtrena hund.

Hunden følgde spor etter ulven på 100 meter. Men så kom vi bort på ein grusveg. Og då miste hunden sporet, seier Hvattum.

Måndag er ulven observert i Sykkylven, og på dette tidspunktet er det nordaust i Sykkylven at jakta går føre seg.

Mannen min såg ulven svært godt. Det var heilt lyst. Det var eit fantastisk syn. Det er eit flott dyr. Men dette er skremmande, seier Trine Tafjord Klokk til NRK.

lam tatt av ulv

Desse lamma blei mest sannsynleg teke av ulven då han var i Stranda.

Foto: Tor Arne Tryggestad

– Filma ulven ved husa

Ole Andreas Eide er ein av dei som såg ulven i Sykkylven. Dei sto ikkje særleg langt frå kvarandre.

Ulven sto berre ti meter frå meg. Og ulven var heilt nede ved bustadhusa, seier Eide.

– Folk er redde

No fryktar bøndene i Sykkylven og Ramstaddalen at fleire sauer må bøte med livet.

Det er klart vi er redde for det. Og vi veit ikkje kvar ulven har blitt av. Det er eit rovdyr dette. Det er klart at folk er redde, seier Trine Tafjord Klokk.