NRK Meny
Normal

Fleire har blitt arbeidsledige

Det har blitt fleire arbeidslause i Møre og Romsdal i oktober. Fylket er mellom dei tre fylka med størst prosentvis auke i arbeidsløysa, viser tal frå Nav.

NAV nominert til forsvarets veteranpris

Nav i Møre og Romsdal har registrert ein auke i arbeidsløysa i oktober.

Foto: Stig Karlo Helstrøm

I det oktober går over i november er 2,7 prosent av arbeidsstyrken utan arbeid. Det var venta ein auke i arbeidsløysa, og den ligg og på det nivået ein var førebudd på. Det er auke sidan førre månad, og det er også ein auke i forhold til det som blir kalla ei normalutvikling gjennom eit år.

Stein Veland, fylkesdirektør i NAV

Fylkesdirektør Stein Veland fryktar at fleire blir utan arbeid dei neste månadene.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er ein knekk oppover no som vi skal følgje veldig spent med på vidare, korleis utviklinga blir. Men vi trur arbeidsløysa aukar i alle fall ut året og eit stykke ut i 2016, seier fylkesdirektør i Nav, Stein Veland.

Har fått signal

Bakgrunnen for dette er dei varsel Nav allereie har fått frå bedriftene rundt om. Dei har orientert om at dei må gå til oppseiingar, og desse trer i kraft no mot slutten av året og ved årsskiftet.

Som kjent så slit olje- og gassnæringane og dei som leverer til desse slit dermed også. Når desse ordrane uteblir må bedriftene permittere eller i verste fall seie opp folk. Det gjer ifølge Veland at fleire menn enn kvinner har blitt arbeidslause.

Størst auke i nord

Sykepleier sammen med beboer på sykehjem

Arbeidsløysa er stabil i serviceyrka.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Yrke som er mest mannsbaserte, ingeniørar og mekaniske felt retta mot olje- og gassnæringane, har dei største nedskjeringane no. Samtidig er det stabilt i offentleg sektor, og ein del serviceyrke, der kvinnedelen er størst.

Veland kan og fortelje at den prosentvis største auken i arbeidsløysa er nord i fylket, det er ein mindre auke i sør, medan tala er nokså stabile i Romsdal.