Hopp til innhold

Cruisehamner aukar prisen for miljøverstingar

Det skal svi for cruiseskip som ikkje tenker på miljøet. 15 cruisehamner skrur opp prisane for dei som forureinar mest.

Geiranger

Geiranger får besøk av mange cruiseskip i løpet av sesongen. Hamneavgifta vert høgare for skip som forureinar mest.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Bergen er landets største cruisehamn og sidan mai i fjor har dei mest miljøvennelege skipa blitt belønnna med ei hyggelegare rekning for å ligge til kai. For eit gjennomsnittleg skip kan det som scorar best på miljø betale 82.500 kroner, medan eit tilsvarande stort skip som forureinar må ut med 250.000 kroner.

– Ein typisk ting reiarlaga gjer er å bytte til reinare drivstoff når dei ser at det har ein

Even Husby

Even Husby er miljøleiar i Bergen havn.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

økonomisk konsekvens, seier miljøleiar i Bergen havn, Even Husby.

I fjorårets sesong såg dei er gradvis betring og no håper andre å få same effekten.

Skal lønne seg på tenke miljø

15 hamner i landet, blant anna Oslo, Molde og Geiranger, har innført det same systemet. Forureininga blir målt gjennom ein såkalla EPI-berekning (Enviromental Performance Index) som målar forbruk av drivstoff, utslepp og reinsing. Dei som scorar høgst får rabatt, medan dei som scorar lågast blir straffa med høgare hamneavgift.

havnedirektør Olav Akselvoll i Molde og Romsdal havn IKS.

Hamnedirektør Olav Akselvoll i Molde og Romsdal vil skru opp prisane etter kvart.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Det skal lønne seg å vere miljøvenleg, seier hamnedirektør i Molde og Romsdal hamn, Olav Akselvoll. I Molde startar dei forsiktig med prisauken, men tanken er å skru opp prisane etter kvart.

Akselvoll utelukkar ikkje at systemet også blir innført på andre typar skip som brukar hamnene.

Eitt skip fekk bot

Rita Berstad Maraak

Rita Berstad Maraak er sjef i Stranda hamnevesen.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Også i Geiranger er forureining frå skip og trafikk eit problem.

Hamnesjef Rita Berstad Maraak synest det blir interessant å få oversikta over dei reelle utsleppa frå skipa. Reiarlaga skal rapportere inn dette seinast 72 timar etter avgang.

– Då får vi fakta om utslepp og kor alvorleg det er, seier Maraak.

Verdsarvfjordane har strengare reglar for cruiseskipa enn elles i landet. I fjor sommar hadde Sjøfartsdirektoratet ein kampanje der dei sjekka om skipa følgde utsleppskrava i Geiranger og Flåm. Berre eitt skip fekk bot og den var på heile 700.00 kroner. Dette året er reglane ytterlegare innskjerpa.

Andre land er interesserte

Miljøleiaren i Bergen havn, Even Husby, seier at EPI-systemet kan kome til å bli brukt i andre land i Europa også. No får hamner i andre land tilbod om å vere med på ordninga.

– Vi har ikkje gjort avtalar enno, men merkar ei stor interesse for det. Det blir spanande å sjå utover våren, seier Husby. Han trur effektiv bruk av hamneavgifta, er eit av mange tiltak som kan gjere forureina mindre.