Hopp til innhold

Fleire gullmedaljar til Molde i helga

I Molde var det full fart med noregsmeisterskap i Taekwon-Do i helga. Og det vanka fleire gullmedaljar til utøvarane frå arrangørklubben.

Mathias Håheim Antonsen og Tanja Brokstad i Molde Taekwon-Do Klubb

Mathias Håheim Antonsen og Tanja Brokstad var to av dei lokale utøvarane som tok gull under NM i Taekwon-Do i Molde i helga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

For Tanja Brokstad har det blitt mykje trening dei siste månadene, også utanfor dei organiserte treningane. Slik brukar det ofte å vere i forkant av meisterskap, fortel ho.

– Det er stort å ta gull på heimebane. Eg konkurrerte omtrent aldri då eg var ung. Det er først det siste året eg har begynt å pushe meg sjølv. Det var eit stort steg å skulle delta i NM. At det i tillegg blei gull var kjempeartig, seier Brokstad.

Brokstad har stått utanfor sporten i fleire år, men var aktiv for fleire år sidan. No satsar ho på nytt.

– Eg gjorde comeback etter 22 års pause i denne idretten. Dette er kjempeartig og eg trivest godt i klubben. Det er gode treningar, god trivsel og ein sosial gjeng, seier Tanja Brokstad til NRK.

Eirik Nesje i Molde Taekwon-Do Klubb

Eirik Nesje var sjølv med som utøvar sist Molde arrangerte NM i Taekwon-Do. Denne gongen var han stemnegeneral.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Det er nesten 500 utøvarar som var samla til meisterskap i Molde i helga. I meisterskapen blei det gjennomført over 1000 kampar. Og det er 29 år sidan det sist var ein så stor meisterskap i denne kampsporten i Molde.

– Det har vore ei stor utvikling på desse 29 åra. Og det er mange arbeidstimar som ligg bak eit slikt arrangement., seier stemnegeneral Eirik Nesje.

Mathias Håheim Antonsen trenar tre gonger i veka. I tillegg er han trenar for ei gruppe i klubben. No blei det gull i hans klasse i noregsmeisterskapen.

– Det var heilt fantastisk. Det var nesten ikkje verkeleg. Eg har trent i seks år og alt er veldig bra seier han.

NM i Taekwon-Do i Molde

Det var både mange publikummarar og utøvarar i Molde i helga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK