NRK Meny
Normal

Åtte grisungar vart redda av brannvesenet

Brannvesenet rykte ut å berge fleire grisungar som ramla i møkkakjellaren på landbruksskulen på Gjermundnes i Vestnes.

Berging av grisar

Brannvesenet i gang med å berge grisungane.

Foto: Brannvesenet

Dei åtte griseungane ramla i møkkakjellaren og brannvesenet frå Tresfjord stasjon vart kalla ut for å hjelpe til. Det gjekk ikkje lange stunda før grisane vart berga.

– Alle er i tilsynelatande god form. No gjenstår det berre å spyle møkkete brannfolk, seier operatør ved 110-sentralen, Nils Bjerknes.

Brannmannskapet gjekk inn i møkkakjellaren med vadestøvlar og røykdykkarutstyr, medan dei tilsette ved skulen starta arbeidet med å tappa ned kjellaren.

110-sentralen veit førebels ikkje kva som er årsaka til at grisane hamna der.

Brannsjef i Vestnes, Frank Skorgenes, skryt av mannskapet sitt.

– Det er ikkje kvar dag vi har slike oppdrag, men på slike dagar er det bra at vi har bra breidde i mannskapet vårt. Dei er alt frå bønder til fiskarar og skipsbyggjarar, seier Skorgenes.

Han seier gleda var stor då grisane vart berga.