Fleire går på kino

Både i Ålesund og Kristiansund blei det sett besøksrekordar i kinoane i fjor. I Kristiansund var auken på over 11 % og endte med over 60 000 besøkande.

Ålesundskinoane hadde rundt 10 000 fleire enn fjoråret og hadde for første gang over 130 000 besøkande.

Også i Molde var det ein liten auke, og vel 93 000 selde billettar.