Hopp til innhold

Kvivsvegen gir fleire fødslar

Fødeavdelinga i Volda har til no i år over 80 fleire fødslar enn på same tid i fjor.

Fødeavdelinga i Volda har til no i år over 80 fleire fødslar enn på same tid i fjor.

Denne babyen er ein av 88 nordfjordingar som har kome til verda i Volda i år.

I fjor haust vart fødeavdelinga på Nordfjordeid lagt ned og det merkar sjukehuset i Volda godt. Kvivsvegen vart opna omtrent på same tid og har gjort vegen til Volda kortare. I år har fødeavdelinga i Volda hatt 294 fødslar til no, mot 211 på same tid i fjor. Men å hjelpe 80 fleire born til verda kom ikkje bardust på.

– Vi var budde på at fleire ville kome hit. Det vart sagt at vi i alle fall ville få så mange fødslar og kanskje endå fleire også, fortel Haldis Nilsen. Ho er avdelingsjordmor.

LES OGSÅ:

Travelt for dei tilsette

Jobben har dei tilsette i Volda greidd utan at dei har fått større areal eller fleire tilsette. Personalet merkar godt ein auke på 80 fødslar.

– Vert det for mykje arbeid, må vi sjå om vi må auke bemanninga, seier Nilsen.

Kjem frå alle stader

Av dei som før sokna til Nordfjordeid føder om lag halvparten i Volda, resten i Førde.

Kvivsvegen har gjort det enklare å reise til Volda, men det er absolutt ikkje berre kvinner frå Nordfjordeid som vel å føde i Volda. Også kvinner frå Måløy, Bremanger og Selje kjem hit.

haldis nilsen,