57 % av medlemmene i Sjømannsforbundet har røysta nei til det lønnsoppgjeret for innanriksfarten som forbundet og Rederienes Landsforening hadde forhandla seg fram til. Det blir nye forhandlingar måndag, seier første nestleiar i Sjømannsforbundet, Rigmund Storøy.
Målet er å bli samde utan å gå vegen om Riksmeklingsmannen. Dersom det ikkje blir ei løysing, kan det bli streik blant matrosane omkring midten av juni.
Også oppgjeret for maskinistane er ute til uravrøysting, med svarfrist onsdag 31. mai.