Hopp til innhold

Halvparten av Merete er borte

For tre år sidan var Merete Gjørv så overvektig at ho knapt kom seg opp av sofaen. No går ho på fjellet utan problem. I fjor gjekk om lag 2000 personar i Noreg gjennom fedmekirurgi for å få kontroll på vekta. Talet aukar for kvart år.

Merete Gjørv før og etter slankeoperasjonen.

ENDRING: Det første bilde er tatt av Merete Gjørv ein månad før operasjonen i oktober 2008. Det andre er frå mai i år, to og eit halvt år etter. Nesten 70 kilo er borte.

Foto: NRK/ Privat

– Eg slepp å gå sidelengs gjennom bussen, og plutseleg kjem det folk og set seg ved sida av meg. Der er plass. Eg klarer å knyte skolissene utan problem, seier Merete Gjørv.

For tre år sidan var situasjonen ein heilt anna. Men det er nesten 70 kilo sidan.

Fleire får operasjon

Fedmekirurgi er eit relativt nytt fenomen i Noreg. Det vart gjort nokre operasjonar på 70- og 80-talet, men på grunn av komplikasjonar var det full stopp frå 1990 her i landet. I 2003 starta St. Olavs hospital forsiktig opp igjen.

Året etter gav helseminister Høybråten foretaka i oppdrag å etablere eit tilbod om kirurgisk behandling av sjukleg overvekt.

  • I 2004 vart mellom 100–200 personar opererte her i landet.
  • I fjor var talet om lag 2000 – og det er venta å stige i åra som kjem.

Årsaka til den sterke auken er ikkje berre at fleire er sjukleg overvektige. Operasjonane er også blitt tryggare, og det viser seg at dei gir god effekt for mange.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Men sjølv om mange får hjelp, er det også ei bakside. Alvorlege komplikasjonar kan oppstå. Mange får både fysiske og psykiske plagar etter operasjonen. Samlivsproblem og samlivsbrot er ikkje uvanleg hos dei som er opererte. .

Ingen blir sjukeleg overvektige utan å ete mat med meir energi enn dei forbrukar over lengre tid.

Jorunn Sandvik, overlege Ålesund sjukehus

– Skulle gjerne vore arbeidsledig

Jorunn Sandvik

OPERERER: Jorunn Sandvik og kollega Gustav Hareide ved Ålesund sjukehus gjennomførte denne veka slankeoperasjon nummer 500 ved sjukehuset.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Jorunn Sandvik er overlege ved Kirurgisk avdeling på Ålesund sjukehus. Saman med overlege Gustav Hareide har ho utført fedmekirurgi sidan Høybråten kom med sitt oppdrag i 2004.

Denne veka gjorde dei fedmeoperasjon nummer 500 ved sjukehuset. Men helst skulle Sandvik sett at arbeidet ikkje var nødvendig.

– Kirurgi er ikkje løysinga. Vi skulle gjerne vore arbeidsledige.

Les også:

Sandvik er heilt klar på at hovudårsaka til sjukleg overvekt er tusenvis av feilval når det gjeld mat og aktivitet over lang tid.

– Ingen blir sjukleg overvektige utan å ete meir enn dei forbrukar. Det er ikkje rart vi blir overvektige. Det er berre å sjå på alt vi har med ut av butikken, raske karbohydrat. Brus, godteri og chips.

– Drastiske tiltak må til
Gastric bypass

VANLEGAST: Den vanlegaste typen fedmeoperasjon i Noreg er gastrisk bypass.

Foto: Andreas Sundby / NRK

Jorunn Sandvik og resten av operasjonsteamet på Ålesund sjukehus har gitt mange eit nytt liv. Men Sandvik skulle ønske fedmeproblemet stoppa lenge før pasienten hamna på operasjonsbordet.

– Vi har ikkje omstilt oss frå å vere eit mangelsamfunn til å bli eit overflodssamfunn. Vi spring etter det billegaste. Store billegpakningar med usunn mat er meir populært enn små pakningar med kvalitetsmat.

Sandvik meiner drastiske tiltak må til om vi skal få bukt med problemet. Mange snakkar om eit nytt liv etter ein fedmeoperasjon, mens for andre går det ikkje like bra. Kirurgi er ikkje løysinga på fedmeproblemet, meiner Sandvik.

– Det er ikkje politisk vilje til det, men det burde stå åtvaringar på sjokoladen som det gjer på tobakkspakken. Og store brusflasker burde bli forbode, seier ho.

– Nokon sa ein gong at det berre burde vore muleg å kjøpe brus på eit pol det tok ein time å sykle til, legg ho til.

Fekk hjelp

Lene Lindén og Lill Anita Myklebust

PÅ VEG: Lene Lindén (til venstre) og Lill Myklebust er på god veg mot eit lettare liv. Sidan operasjonen i november har Lene gått ned 25 kilo og Lill 40.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

To av dei som nyleg har fått hjelp på operasjonsbordet på Ålesund Sjukehus er Lene Lindén frå Kristiansund og Lill Myklebust frå Ulsteinvik. Dei vart opererte i november i fjor.

Resultatet: Lena er kvitt 25 kilo og diabetes, Lill Anita er 40 kilo lettare. Begge har vore overvektige størsteparten av livet. Dei har prøvd det meste av kurar, tablettar og pulver før dei fekk operasjon.

Lill Myklebust

LETTARE: Lill Myklebust har gått ned 40 kilo sidan operasjonen i november. Det har vore tøft, men livet er lettare.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

– Dette hadde aldri gått utan hjelpa vi no får. No blir vi tvungne til å la vere å ete så mykje. Vi kjem til å gå ned meir. Vi er berre halvvegs på første året, fortel dei.

– Eg har likevel angra nokre gongar. Når du ligg og kaldsveittar på sofaen fordi du har ete noko du ikkje toler er det heilt forferdeleg, seier Lill Myklebust.

Dei er no inne på eit to-vekers rehabiliteringsopphald på Muritunet i Valldal. Alle som blir fedmeopererte ved sjukehuset i Ålesund får dette tilbodet. Ikkje alle takkar ja, men dei som gjer det får ei grundig innføring i kosthald og trening.

Flest kvinner

80 prosent av dei som blir opererte er kvinner. Hovudårsaka er at kvinner er overrepresenterte når det gjeld sjukleg overvekt.

  • Ved «Senter for sykelig overvekt i Helse Sør-Øst» på Sykehuset i Vestfold har dei registrert 2500 sjukleg overvektige personar i løpet av 5 år. 2 av 3 er kvinner.
  • I USA viser forsking at 3 % av menn og 7 % av kvinner sjukleg overvektige.
  • I dag er det 100.000 personar med sjukleg overvekt i Noreg. Dei har ein KMI (kroppsmasseindeks) på over 40, eller KMI på over 35, med alvorlege fedmerelaterte sjukdommar.

Meir om fedme:

Måtte gjere noko

Årsaka til at Merete Gjørv søkte hjelp med overvekta si, var eit vondt kne.

Då ho tok steget og bad fastlegen om hjelp til å få fedmeoperasjon, dreia alt seg om slanking. Men vegen til godteskapet var kort, og alle slankeforsøk gjekk i vasken.

– Eg hadde sett at andre fekk hjelp ved å ta operasjon. Då eg spurte fastlegen om å få operasjon, hadde eg ikkje gått på ei vekt på årevis. Eg sa til legen at eg var om lag 120 kilo. Det var ikkje nok.

Men Gjørv gav ikkje opp. Ho var så plaga av overvekta si, at ho såg operasjon som einaste utveg.

– Dermed lurte eg på om eg skulle søke på nytt på bakgrunn av kneet. Men legen bad meg heller om å vege meg, og då viste det seg at eg var godt over 130 kilo, fortel ho.

– Kva tenkte du då?

– Då tenkte eg: Yes! Eg veg nok til å få operasjon!

Vil bli fleire

Fedmeoperasjonar er no daglegdags i den vestlege verda. Og vi ser truleg berre starten. Fleire tenåringar får også tilbod om operasjon. I Noreg er dette førebels på forskingsstadiet.

Jøran Hjelmesæth

VIL STIGE: Jøran Hjelmesæth er fedme-ekspert. Han er heilt sikker på at talet på fedmeoperasjonar vil auke sterkt framover.

Foto: Line Jacobsen/Sykehuset Vestfold

– Talet på fedmeoperasjonar i verda vart åttedobla frå 1998 til 2008. Vi gjekk frå 40 000 operasjonar til 344 000 operasjonar, fortel fedmeekspert, dr.med. og leiar for «Senter for sykelig overvekt i Helse Sør-Øst», ved Sykehuset i Vestfold, Jøran Hjelmesæth.

Han trur talet kjem til å halde fram med å stige.

– Ja, det trur eg absolutt. Metodane blir tryggare og tryggare. Vi diskuterer no internasjonalt om vi også kan bruke dette meir på folk med type 2 diabetes. Dei er kanskje ikkje så overvektige som dei vi har operert til no, men kan ha nytte av operasjonane likevel. Mange blir tilnærma friske etter ein slik operasjon, seier Hjelmesæth.

Han er likevel klar på at kirurgi ikkje er løysinga for fleirtalet.

– Førebygging av fedme er viktigast. Kommunane må kome med fleire lågterskeltilbod for fysisk aktivitet og livsstilsendringtiltak. I tillegg må lova bli endra. Sukker og feitt må bli dyrare, og frukt og grønsaker billegare, seier han.

– Det sit i hovudet

Merete Gjørv

NY: Merete Gjørv har fått eit nytt liv etter operasjonen. Men ho presiserer at mange også får det tøffare etter ein fedmeoperasjon.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Merete Gjørv har fått ein ny kropp etter operasjonen. I tillegg til at over 60 kilo er borte, har ho også fjerna overflødig hud.

– Eg betalte litt sjølv, og så gjekk eg inn på Fritt sykehusvalg og fekk operasjonane raskt. Eg forstår godt at nokon går i kjellaren om dei ikkje får plastikkirurgi i etterkant.

– Ein har overheng på mage, brysta er som beverhalar og armane heng mykje lenger ned enn dei skal. Om du ikkje får hjelp med dette er det som å seie A og ikkje B.

Merete Gjørv si historie om slankeoperasjonen er ei solskinshistorie. Ho er likevel opptatt av å få fram at det ikkje er slik for alle. Slankeoperasjon er inga enkel løysing. Mange får problem i ettertid. Ikkje minst psykisk. Mesteparten av polstringa som har verna mot omverda er borte. Verda ser annleis på deg.

– Eg møter folk som seier: nei, så flott du er blitt! Då bruker eg å seie at eg var like flott før. Eg hadde berre litt meir polstring, seier Merete Gjørv.