Hopp til innhold

Fleire dyr omkom: – Brannårsaka er ukjent

Fleire dyr miste livet i fjøsbrann på Nordmøre i helga. No vil krimteknikarar diskutere kva ein må gjere for å finne årsaka til den tragiske brannen.

Fjøsbrann Rindal

BRANN: I tillegg til tre kviger og to hestar måtte også ein kalv bli avliva etter brannen på grunn av skader.

Foto: John Storholt

Tre kviger og to hestar omkom då eit fjøs i Rindal blei totalskadd i brann laurdag ettermiddag. I tillegg måtte ein kalv avlivast av veterinær.

Politiet fekk meldinga i 14.30-tida, og alle naudetatane rykka til staden. Det var full fyr i fjøset, men om lag 50 dyr vart berga.

Måndag fortel politibetjent Åse Berit Løseth ved Surnadal og Rindal lensmannskontor at dei vil engasjere krimteknikarar for å finne ut kva som er grunnen til brannen.

– Vi har ikkje undersøkt staden enno, men vi driv planlegging i samarbeid med krimteknikarar, seier Løseth.

Politiet har så langt ikkje mistanke om kva som er årsaka.