NRK Meny

Fleire bussar til KBK-kampar

FRAM kjem til å køyre fleire bussar i samband med heimekampane til Kristiansund BK. Det er venta auka trafikk og fleire reisande, og FRAM køyrer difor med fleire bussar på nokre av dei ordinære avgangene. Det er også begrensa parkering ved stadion. – Det er kort veg for folk å gå mellom haldeplassane ved Brunsvika og St. Hanshaugen og stadion, seier seksjonsleiar Konrad Lillevevang i fylkeskommunen.