Hopp til innhold

– Sjefen tør ikkje seie frå om upassande klede

Altfor mange arbeidstakarar kler seg uprofesjonelt. Det meiner merkevarekonsulent.

På bytur

Dei tre venninne på bytur, Lene Ristesund Brekke, Jonna Lise Skarmyr Gjerde og Merete Ristesund, meiner at visse kleskodar bør gjelde både for studentar og i arbeidslivet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Anne Berit Olsvik

Anne Berit Olsvik meiner at fleire arbeidsgivarar bør seie frå til tilsette om korleis dei bør kle seg.

Foto: Rune Hagen

I går fortalde NRK om Nesset kommune som vil innføre forbod mot miniskjørt, korte shortsar, berre magar og djupe utringingar for dei kommunetilsette. Heller ikkje joggebukser er akseptert. Grunnen er publikum ikkje skal reagere på klesdraka til dei offentlege tilsette.

Anne Berit Olsvik i Ålesund har lang erfaring innan stilanalyse og merkevarebygging. Ho meiner at langt fleire arbeidsgivarar burde gjere som Nesset kommune og innføre kleskode.

– Eg trur mange arbeidsgivarar tenker på det, men tør ikkje seie frå til dei tilsette, seier Olsvik.

Kleskode i kontrakten

Ho meiner at det allereie ved tilsetting bør stå i kontrakten kva kleskode som gjeld på arbeidsplassen. Grunnen er at klede signaliserer så mykje og påverkar førsteinntrykket. Den tilsette skal representere bedrifta utad, og då kan korte skjørt og holete bukser øydelegge tilliten.

– Ekstremt mange tenkjer ikkje på kva klede dei går i på jobb. Dei meiner det betyr lite og at det er kompetansen som er det viktige, seier Olsvik.

Ho har vore mykje i USA og ser at der er jobbantrekk meir i bevisstheita til tilsette enn her i landet.

Korte skjørt distraherer

Med lårkorte skjørt og djupe utringingar trur Olsvik fokuset blir meir på kropp og mindre på fagkompetansen til den tilsette.

– Kunden vert distrahert og tar ikkje vedkomande seriøst, sjølv om han kan vere veldig dyktig, seier Olsvik.

Servicetorget i Ålesund

Snart får Mette Myrseth og Vibeke Andreassen jobbuniform på servicetorget i Ålesund.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ho meiner at jobbgarderoben skal gi eit seriøst og riktig inntrykk. Merkevarekonsulenten understrekar at folk skal ikkje vere nokon andre enn dei er, men at dei bør bli meir bevisst på korleis ein står fram og korleis ein kler seg. Det gjeld både menn og kvinner. Olsvik meiner at rørleggarsprekken også er ein uting.

– Eg trur at det å kle seg skikkeleg og vere velstelt kan gi deg framgang i karrieren, seier ho.

Det verste ho ser er folk som kler seg i joggebukser og croks.

Saggebukse

Lene Ristesund Brekke, Jonna Lise Skarmyr Gjerde og Merete Ristesund frå Kvamsøy har reist til Ålesund i dag for å shoppe. Alle tre er kledd i plommeraudt, men det er ikkje planlagt, ler damene.

Dei meiner at både skuleelevar og vaksne bør tenkje over kva dei har på seg.

– Det verste eg ser er menn i saggebukser der halve trusa viser. Det hjelp ikkje at det er på mote, seier Jonna Lise Skarmyr.

Kvinnene meiner at det er viktig at offentlege tilsette ser skikkeleg ut. Dei har ikkje sett kommunetilsette med lårkorte skjørt og utringingar, men meiner at sjuskete klede er eit større problem.

– Alle har vel ein gong sett offentlege tilsette dei har reagert på, meiner Lene Ristesund Brekke.

Ho ser også mange unge jenter som går altfor utfordrande kledd. Blant anna hennar eiga dotter.

Treningstøy på jobb

Steinar Engeset er vaktmeister på rådhuset i Ålesund. Han har vore ute til lunsj og er kledd i ulltrøye og vindtett jakke. Når han jobbar er det kjeledress som gjeld. Han synest det er greitt at offentlege tilsette har retningsliner å halde seg til.

– Det er sjeldan eg ser at folk går usømeleg kledd, men det hender eg ser folk gå i treningstøy, seier Engeset.

Han synest ikkje det høyrer heime i arbeidstida, sjølv om det er komfortabelt å gå med.

Skal kjøpe dressjakker

Steinar Engeset

Vaktmeister Steinar Engeset likar ikkje at folk går i treningstøy på jobb.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På servicetorget i Ålesund kommune har dei fått med seg saka som vert handsama i Nesset, der miniskjørt og bar mage kan bli forbode. Sjølv innfører dei ikkje slikt forbod, men kleskode står på agendaen. I morgon vert det møte for dei tilsette om kva klede dei skal gå med.

– Vi hadde uniformer for nokre år sidan, men dei vart utdaterte. No snakkar vi om å kjøpe inn like dressjakker, seier Mette Myrseth.

Ho er teamleiar ved servicekontoret og er oppteken av at ho og dei andre ved kontoret er Ålesund sitt ansikt utad. Difor bør dei vere kledd skikkeleg.