Hopp til innhold

Fleire Bingsa-avsløringar

Kommunerevisjonen sin gjennomgang av Bingsa-Næring har avdekt at leiaren for verksemda Vatn, avløp og renovasjon (VAR) har anvist tre rekningar på til saman 141 562 kroner til ektemannen sitt firma, Frozt Solutions. Bedrifta er eit enkeltpersonføretak som driv med teknisk konsulentverksemd. Tilvisinga frå kona skjedde hausten 2014. Dette er ikkje i samsvar med dei etiske retningslinene til kommunen, skriv rådmannen i ei pressemelding. Rådmannen behandlar saka som ei personalsak, og vil ikkje uttale seg meir om denne saka.