NRK Meny
Normal

Fleire biler kolliderte på innfartsvegen i Ålesund

To personar måtte til sjukehus etter eit trafikkuhell mellom fire bilar ved Ysteneset i Ålesund.

trafikkulykke Ålesund 130116

Fire bilar var involvert i ein kollisjon ved Ysteneset i Ålesund onsdag ettermiddag.

Foto: Øyving Johan Heggstad / NRK

Det var i 16.15-tida onsdag at politiet på Sunnmøre melde om ein kollisjon mellom fleire bilar på innfartsvegen i Ålesund.

– Det var fem personar og fire bilar involvert i kollisjonen som var ein påkøyrsel bakfrå.

To personar måtte få behandling av helsepersonell. Det skal ikkje vere snakk om alvorlege skadar, seier Arild Reite operasjonsleiar i politiet.

Fleire av bilane fekk omfattande skadar og måtte bli taua vekk frå staden.

– Politiet held på med manuell dirigering, og det har oppstått noko kø som følgje av kollisjonen, sa reite til NRK.no i 16.30-tida onsdag.