Hopp til innhold

Fleire bilar i tunnelulykke

Politiet melder om eit trafikkuhell mellom fleire bilar i Ellingsøytunnelen. Tre eller fire bilar skal vere involverte, men det skal ikkje vere meldt om personskade. Tunnelen blei stengt frå omlag klokka 15.45, men klokka 16.10 melder politiet at arbeidet på staden er avslutta og at tunnelen opnar straks.

Kø ved Ålesundstunnelene etter trafikkuhell.
Foto: Remi Sagen