Hopp til innhold

– Omfanget av båtmotortjuveri kan vere langt større

Det kan sjå ut som om tjuvar trålar Vestlandet etter båtmotorar. No prøver politiet å finne ut om det er samanheng mellom dei mange tjuveria av båtmotorar.

Tjuveri båt motor

Desse båtane på Veblungsnes står no utan motor. Motorane blei stolne natt til søndag.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

I løpet av helga blei det stole 7 båtmotorar i Rauma i Møre og Romsdal. Politiet fryktar at langt fleire motorar kan ha hamna i hendene på tjuvar.

Ja, det fryktar vi. Vi har no starta etterforsking på dei 7 sakene vi har fått melding om. Men vi treng tips frå publikum for å få vite meir, seier politibetent Kathe Venås Foss.

Tjuveria ser ut til å ha gått føre seg over store deler av Vestlandet. I Sogn og Fjordane var det sist veke registrert 13 tilfelle av grove tjuveri frå fritidsbåtar. Også på Sunnmøre er det den siste veka meldt om fleire båtmotorar som er borte.

Vi vil gjerne ha tips om folk har sett noko mistenkjeleg natt til søndag og natt til måndag, seier Venås Foss.

Båt motor tjuveri

Ein av båtane fekk kutta fortøyningane, og blei liggande på land.

Foto: Lars Smisethjell / Åndalsnes Avis

I samband med fleire av tjuveria har vitne meldt frå om ein blå varebil med kvite skilt. I Sogn og Fjordane har etterforskingsleiar Rognald Dvergsdal uttalt at tjuveria framstår som godt planlagde, og at dei har få spor å gå etter.

No har vi starta etterforskinga her, og vi vil også sjå om der kan vere nokon samanheng med andre tjuveri, seier Venås Foss.

– Har de nokon mistenkte i saka?

– Nei, det har vi ikkje. Ho legg til at båtmotorane kan vere transporterte bort enten med bil eller båt. Politiet har fått inn tips som dei no vil følgje vidare.

Natt til søndag blei båtmotorane stolne på Veblungsnes og natt til måndag på Stein i Isfjorden.