Hopp til innhold

Fleire asylsøkjarar i Ulstein

UDI vil utvide asylmottaket i Ulstein med 20 plassar. Er dette noko kommunen berre må godta?

Rådmann Hans Jakob Sandanger i Ulstein har fått ein e-post der Utlendingsdirektoratet gir formannskapet høve til å uttale seg før kontraktane blir underskrivne.

Tolkingar

- Eg tolkar det ikkje slik at vedtaket er gjort, men det går an å tolke det slik, og dessutan kan ein tolke det slik at formannskapet får høve til å uttale seg, men at det ikkje hjelper noko, seier Sandanger.

- Som eg har gitt uttrykk for i korrespondansen med UDI synest eg det er viktig at kommunen får tid til å meine noko sjølv om vi formelt sett ikkje kan avvise at mottaket blir utvida, seier rådmannen.

Regiondirektør Lars Steinar Hansen i UDI skriv i e-posten at kommunen må førebu seg på ei utviding sjølv om om dei no får høve til å uttale seg. Den til dels kritiske situasjonen når det gjeld asylplassar gjer at det truleg kjem 20 nye asylsøkjarar til Ulstein i byrjinga av september.

Pengar

UDI skriv også at vertskommunekompensasjonen no er dobla. Dette betyr at Ulstein med sine 170 asylsøkjarar vil få 1 106 000 kroner i året. Men Sandanger er skeptisk. - At dette gjennomsnittleg skal dekkje kostnadene, vil vere ei makrobetraktning om at summen skal vere dekkjande i landsgjennomsnitt over mange år, seier han. Han trur ikkje kompensasjonen vil dekkje dei verkelege utgiftene Ulstein kommune står overfor.