NRK Meny

Flaumvarsel for Møre og Romsdal

Mykje nedbør gjer at det er sendt ut varsel og flaum for Møre og Romsdal. Tettbygde strok er spesielt utsett. Opp mot 70 millimeter regn gjer at det også er sendt ut varsel om jord- og flaumskredfare. Bratte skråningar, og bekkar og elvar med stor vassføring er spesielt utsett. Det blir tilrådd å reinske dreneringsvegar og stikkrenner.