Sjå bildegalleri frå flaumen i Ørsta i fjor.
Hans Olav Myklebust (Foto: NRK)
I fjor haust blei Ørsta sentrum hardt råka av flaum som førte til store skadar i fleire bustader og næringsbygg. Til saman var skadane oppe i vel fire millionar kroner. Tek ein med kostnadene for å forebygge framtidig skade, er summen oppe i rundt 10 millionar kroner.
11 vassdrag
Men det er ikkje flaumen i fjor som er årsaka til at NVE no har utarbeidd eit eige flaumkart for nedste delen av Ørstaelva. Arbeidet med å lage flaumkart for fleire kommunar starta etter storflaumen på Austlandet i 1995 og skal vere ferdig innan 2007.
Her i fylket er det til saman 11 vassdrag som no blir kartlagt. Plansjef i Ørsta kommune, Gunnar Wangen, seier karta vil bli svært nyttige i planarbeidet.
Siss-May Edvardsen i NVE, som har har vore med på å utarbeide kartet, seier slike kart blir flittig brukt i dei kommunane som har teke dei i bruk