Hopp til innhold

- Vi kjem oss ikkje fram

Norway Bussekspress har store problem på grunn av flaum og ras. – Så ille har eg ikkje opplevd det før, seier Øystein Haddal i Fjord1 Buss Møre til NRK.

Flom på E6

Flaumen skaper store problem for trafikken mellom nordvest og aust.

Foto: Vibecke Wold Haagensen / NRK

Øystein Haddal i Fjord1 Buss Møre

Fjord1 Buss Møre må innstille rutene til og frå Oslo laurdag. -Ny vurdering blir tatt søndag, opplyser Øystein Haddal.

Foto: Privat

Natt til laurdag måtte Møre-ekspressen frå Fosnavåg-Ulsteinvik-Ørsta-Volda snu på Stryn. Nattbussen frå Oslo til Sunnmøre måtte snu på Hamar.

Meir om flaum og ras:

- Får weekend i Oslo


Øystein Haddal fortel at mange måtte endre planane for pinsehelga.

- Vi hadde med 26 passasjerar på ruta til Oslo, og 16 frå Oslo. Mange av dei som var på veg frå Oslo gjekk av på Gardermoen i håp om å få seg ein flybillett, fortel han.

Og føraren av bussen frå Oslo, måtte bli igjen i hovudstaden.

– Han får seg hotellweekend i Oslo, ja, seier Øystein Haddal.

Passasjerane fekk tilbake pengane for billetten, eller dei får bruke han igjen seinare.

Les også:

Flom i Gudbrandsdalen, ved Kvitfjell alpinanlegg

Flaumen i Gudbrandsdalen fører til stengde vegar fleire stader.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Aldri opplevd dette

Haddal har jobba i busselskapet i 16 år. Han har aldri opplevd at alle vegar er stengde, slik dei er no.

– Det har vore stengt i Gudbrandsdalen tidlegare, men då har vi hatt omkøyringsmulegheiter. Det har vi ikkje no. Dei vegane som ikkje er stengde av flaum, er stengde av ras, seier han.

Selskapet har bestemt seg for å innstille Møreekspressen Volda-Oslo og Oslo-Volda i kveld. Den delen av ruta som går frå og til Ulsteinvik/Hareid/ Fosnavåg frå og til Volda, går som normalt.

– Det er veldig ustabilt om vegane er opne eller stengde. Difor innstiller vi. Det ser heller ikkje lyst ut med veret framover, men vi tek ei ny vurdering søndag, opplyser Haddal.

Flom i Driva

På Gjøra såg det slik ut fredag kveld. Flaumen i Driva var nær 50-årsflaum.

Foto: Leif Kåre Gustavsen

50-årsflaum

NVE opplyser at det har vore oppimot 50-års flaum i fleire vassdrag siste døgnet.

  • I Driva har det vore vannføring mellom 20- og 50-årsflaum
  • I Rauma var maksimal vassføring litt under 10-årsflaum
  • Øvst i Ottavassdraget er vassføringane mellom 10- og 20-årsflaum
  • Nedst i Ottavassdraget er vassføringa på nivå med 50-års flaum
  • Det er venta mykje nedbør og temperatur som fører til stor snøsmelting på Austlandet i dag, og mellom anna Mjøsa vil halde fram med å stige utover i veka.
  • Her finn du oppdatert informasjon om flaum frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).