NRK Meny
Normal

Må stenge delar av møbelproduksjonen

105 mm nedbør på 19 timar vart for mykje for Ikornneselva i Sykkylven. Store vassmengder har teke seg inn i møbelfabrikken til Ekornes. Teknologisk utstyr for 30 millionar kroner kan gå tapt.

Møbelfabrikken Ekornes i Sykkylven kjempar for å hindre store vassmengder i å trenge inn i fabrikken.

Foto: Ivar Eidheim

Flaum ved Ekornes

Vatnet har tatt nye vegar ved Ekornes fabrikker i Sykkylven. Elveløpet under fabrikken klarer ikkje å svelge unna alt vatnet.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Seint tysdag kveld fløymde Ikornneselva i Sykkylven over. Den vesle elva vaks seg raskt svært stor og gjekk dermed over sine breidder. Det regna kraftig store delar av natta og i 08-tida steig vatnet med 10–15 centimeter på eitt kvarter.

Kvinne evakuert

Flaum ved Ekornes

Store vassmengder truar med å fløyme over Ekornes fabrikker.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Ei kvinne i eitt av husa rett ved elva har blitt evakuert, og store vassmengder har fløyma inn til Ekornes fabrikker.

– Situasjonen er kritisk, seier produksjonsdirektør Ola Arne Ramstad i Ekornes til NRK i 08-tida. Om litt vil det bli flo som trykkjer opp mot elva og kan føre vasstanden endå høgare.

Ekornes ASA er den største møbelprodusenten i Noreg. Ikornneselva går vanlegvis under fabrikken og ut i fjorden, men natt til onsdag var ikkje kulverten stor nok til å ta unna dei store vassmengdene.

Artikkelen held fram etter bildegalleriet.

Fryktar at kulverten går tett

Evakuert hus i Sykkylven

Her ser ein skadane på den kommunale vegen. Huset til høgre er evakuert.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

I 09-tida fortel industrivernleiar Knut Andreassen at vatnet har slutta å ta seg inn i fabrikken.

– Det ser bra ut no. Vatnet er framleis svært høgt, men vi har fått opna ein sluk slik at vi får unna vatnet, seier han.

I 10-tida fortel derimot prosjektingeniør Leif Arne Aure at ei ny fare truar fabrikken. Sjølv om elva har blitt mindre, fryktar han at kulverten under snekkeriet går tett, slik vatnet ikkje kjem seg vidare ut i fjorden.

– Planen er å sage hol i kulverten slik at vi kan få ut steinmassar, seier prosjektingeniøren til NRK.

– Kva skjer om de ikkje klarer dette?

Totalt er det teknologi for 25–30 millionar kroner som kan reise til sjøs om vi ikkje får det til, seier Leif Arne Aure.

Må stoppe produksjon

Tidleg onsdag morgon stadfestar reporter Alf-Jørgen Tyssing at elva har grave ut større område i løpet av natta. Meteorologisk institutt meldar at det er meir regn i vente.

Ole Arne Ramstad ved flaumen i Ekornes

Produksjonsdirektør Ole Arne Ramstad seier flaumen foreløpig ikkje har ramma produksjonsutstyret til Ekornes, men at det fort kan snu.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

– Dersom alt det melde regnet faktisk kjem, kan det bli ein svært spennande føremiddag for både Ekornes fabrikker og lokalsamfunnet, seier han.

Sandsekkar vert no brukte i håp om å stogge vassmengdene, men det er ikkje mogleg å halde fram produksjonen som vanleg.

– Det vert produksjonsstopp på ein av avdelingane, fortel produksjonsleiar Ramstad. Fleire tilsette ved fabrikken har blitt tekne ut av sitt vanlege arbeid for å hjelpe med beredskapen.

Gammalt kvernhus forsvann

Øydelagt bru i Sykkylven

Flaumvatnet i Ikornneselva har gjort skade på fundamenta til brua på FV71. Statens vegvesen sender bruekspert for å vurdere skadane.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Delar av fylkesveg 71 mellom Hundeidvik og Aure vart vaska vekk som følgje av flaumen og er no stengt. Det er framleis mogleg å kome seg mellom Hundeidvika og Sykkylven, men via omvegar.

– Trafikken går no gjennom industriområdet på Ikornnes, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye i Sunnmøre politidistrikt.

Også vegen opp Meieridalen har fått betydelege skader, og det gamle kvernhuset rett ved gjekk med i flaumen. Kvernhuset hadde stått der i over 100 år.

Må koke vatnet

Like over klokka 07.30 kom det beskjed frå kommuneoverlegen i Sykkylven om at alt drikkevatn frå Hundeidvika og Ikornnes vassverk må kokast inntil vidare. Dette fordi at ureinsa vatn har kome inn i vassverka som følgje av flaumen i Sykkylven.

Store vannmengder har ødelagt veien ved Ikornneselva

Brua som går over Ikornneselva har fått store skader på grunn av vassmengdene. Foto: NRK/Alf-Jørgen Tyssing