Flaum i Sykkylven

  • Kan ikkje opne vegen

    FV71 ved Ikornnesbrua er framleis stengt som følgje av flaumen i Sykkylven i går og i dag. Brua har fått store skadar, og Statens vegvesen ønskjer å undersøkje kor alvorlege dei er før dei eventuelt opnar vegen igjen. – Vi kan ikkje inspisere skadane før vasstanden i elva vert mindre, seier sjefingeniør Randi Holen Relling. Dette skjer tidlegast i ettermiddag.

  • Må koke vatnet på Ikornnes

    På grunn av flaumen har det kome ureinsa vatn i Ikornnes vassverk. Kommuneoverlegen ber derfor alle som er knytt til vassverket om å koke drikkevatnet inntil vidare.

  • Stor vassføring stengde veg

    Ikorneselva fløymde over og har stengt fylkesveg 71 mellom Hundeidvik og Aure. Deler av vegen er vaska vekk, og eit hus er evakuert som følgje av flaumen. – Mesta vurderte vassmengda som farleg, og stengde difor vegen. Trafikken går no gjennom industriområdet på Ikornnes, fortel Johan Arnt Overøye i politiet.

    Elva Ikornes flauma over
    Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK