Kvarsvik som arbeider for FN oppheld seg no i Nord-Irak, og han skulle eigentleg ha vore med på møtet i det romet der bomba eksploderte.
Til saman 24 personar vart drepne og fleire vart skadde, då ein sjølvmordsbombar køyrde inn i FN sitt hovudkvarter tysdag.
Trygg arbeidsplass
Førebels er det ingen som har teke på seg skulda for åttaket og situasjonen i Irak er langt frå stabil. Likevel opplever Per Kvarsvik sin arbeidssituasjon som relativt trygg.