Hopp til innhold

Flaggermusen i svevet over operabyen

Operabyen Kristiansund er endå ein gong i feststemning. Når Operafestukene blir offisielt opna torsdag ettermiddag er byen igjen klar til å bli dynka med musikalske perler 14 dagar til endes.

Operaukene i Kristiansund

Det var festleg på scena under generalprøven på «Flaggermusen» tysdag.

Foto: Operaen i Kristiansund

«Flaggermusen »er den sprudlande operetta som skal sveve på glade vingar gjennom Operafestukene denne gongen. Berre timar før det brakar laust, lovar ein opplagt, men spent operasjef Line Lønning Andresen at dette blir året då opera- og kulturfestivalen når ut til folket bokstavleg talt.

Ikkje berre skal songarar frå operaen innta 35 private hus for å framføre opera- og operetteperler heime hos folk, nei no skal sanneleg også småbarnsforeldre få barnevakt i Festiviteten! Sjølvsagt kan også småbarnsforeldre trenge musikalsk påfyll frå scena, er tankegangen til festivalarrangørane. Så får både operasjefen sjølv og medhjelparane ta seg av bleieskift og tåteflasker.

– Klart eg skal vere barnevakt. Her stiller vi på, stadfester operasjefen.

Line Lønning Andresen

Operasjef Line Lønning Andresen.

Foto: Roar halten / NRK

Kulturministeren

Presis kl. 17:30 torsdag ettermiddag entrar kulturminister Thorhild Widvey talarstolen i Festiviteten, og dreg sceneteppet til sides for årets Operafestuker i Kristiansund. Opningstalen skal berre vare i sju minutt, medan opera- og kulturfestivalen varer dag og natt i to veker framover.

– Kulturministeren kjenner godt til Kristiansund frå den tida ho var olje- og energiminister. Ho skal vere ei svært hyggeleg dame, har eg høyrt, seier Line Lønning Andresen som gler seg til å ta imot statsråden.

Kulturdepartementet er den største offentlege bidragsytar for Operaen i Kristiansund. Operafolket vil gjerne vise fram flaggskipet sitt, slik at dei får vist alt som skjer rundt operafenomenet i byen.

Så eg skal vise departementet at kvar ei krone dei har bidratt med er verd å bruke på oss. Så kan det jo hende at vi kan klare å legge inn noko ord om at vi gjerne vil ha fleire også, for det treng vi.

Thorild Widvey

Kulturminister Thorhild Widvey opnar Operafestukene i ettermiddag.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Nyhuset

Når kristiansundarane får sjanse, grip dei den. Slik også når kulturministeren er på besøk.

Vi kjem nok til å be statsråden om pengar til eit nye opera- og kulturhuset vårt også. Vi står framfor eit av dei viktigaste vala i Kristiansund i moderne tid, og skal presentere prosjektet og brukarane grundig for henne, fortel Lønning Andresen.

Medan Widvey er i byen, skal ho også møte fylket og kommunen for å få orientering om planane for nytt opera- og kulturbygg. Bygget var i utgangspunktet tenkt å romme både bibliotek, Nordmøre Museum, ballettsenter og høgskulesenteret. Kostnadane var opphavleg 800 millionar kroner, noko som dei folkevalde har sagt nei til. Så spørst det då kom ministeren vil spytte i kassen slik at byen får eit supplement til Festiviteten som i over 100 år har vore byens viktigaste kulturbygg.

Opera kulturhus kristiansund

Nytt opera- og kulturbygg står på ønskelista i Kristiansund.

Foto: CF Møller

Generalprøve blei innertiar

Operetta Flaggermusen er av det lystige slaget, skrive av sjølvaste Johann Strauss d.y. Under generalprøva tysdag, var barn og ungdommar i byen kalla inn som publikum. Latteren skralla under ærverdige Festiviteten-taket alle dei tre aktene gjennom.

Mellom dei som står på scenen, er Hallvar Djupvik frå Tomrefjorden. Gjennom dei komiske og lystige, men også tragiske rollefigurane sine, fekk han til ei latterfylt kontakt med dei unge i salen, rapporterer dei som var til stades,

– Maken til respons har eg aldri opplev. Det var så tårene stod i augo mine. Dette lovar godt for vekene, seier Line Lønning Andersen.

Hallvar Djupvik

Hallvar Djupvik frå Tomrefjord gjorde lukke frå scenekanten då fleire hundre barn og unge var med på generalprøven tysdag.

Foto: Operaen i Kristiansund

40 arrangement

Årets Operafestuker i Kristiansund tek mål av seg til å sette alle kjensler i sving. Heile 40 ulike arrangement skal gå av stabelen. "Flaggermusen" blir den raude tråden vekene gjennom, men alt i morgon er det Noregs- premiere på eit anna operastykke; " Der det er kjærleik er det sjalusi" av Giuseppe Scarlatti. Dette er også ei av hovudoppsettingane i år. Erlend Samnøen og Ingrid Tønder presenterer denne operaen, som også spelar på humor.

Ein annan opera som er sikta inn mot småbarnsforeldra er operaen "Pappaperm". Det nettopp då operaen stiller med barnevakter.

– Eg håper på hordar med barnevogner møter opp, seier operasjef Lønning Andresen.

Fleire barneførestillingar skal køyrast i dagane framover, og songarar skal også ut med sine triller over eldresenter, på kafear og barar i Operabyen.

Heim til folk

Operaveka har tatt slagordet " Operaen ut til folket", og som NRK Møre og Romsdal har meldt fleire gongar tidlegare, skal dette skjer i bokstavleg forstand.

Vi tar det heilt ut, og lar operasongarane dra heim i stova til folk. Det blir unikt og intimt, rett og slett. Responsen har vore veldig bra, og vi er godt fornøgde med at 35 stover får slikt besøk dei komande dagane, seier Lønning Andresen.

10.000 besøkjande

Arrangørane reknar med at 10.000 vil nytte dei mange tilboda i Operafestukene. Sikre trekkplaster blir storbesøka utanfrå; Ketil Bjørnstad med konsertforedrag om Edvard Munch og konserten med Ole Paus og Kvartett. Maria Mena entrar scenen 14. februar.


– Maria Mena er ein av Norges beste vokalistar og låtskrivar, så det kan godt hende ho meistrar opera- og operettesjangeren også, meiner operasjefen.